For føste gang er skeive sine erfaringar med konserteringsterapi kartlagt i Noreg. I følge NRK seier fleirtalet at dei har negative erfaringar med å vere skeiv og religiøs, og rapporten slår fast at konverteringsterapi går føre seg i Noreg, bde i religiøse og sekulære kontekstar, og av personar med ulike posisjon og tilknyting.
I følge rapporten har religiøse skeive mange negative erfaringar og negative møter i religiøse samanhengar som er knytt til seksuell orientering og kjønnsidentitet.
Dei som blei intervjua, blei spurde om dei har opplevd situasjonar der nokon har forsøkt å endre eller påverke seksuell orientering eller kjønnsidentitet. Det svarar 47 prosent ja til.
Avisen Dagen skriver at rapporten baserer seg på en spørreundersøkelse besvart av 253 personer og dybdeintervjuer gjennomført med 17 ulike personer, og at undersøkelsen var selvrekrutterende, fordi det var umulig å gjennomføre en representativ undersøkelse, heter det i rapporten.
Medan éin av fire svarar at dei har opplevd handlingar som kan bli forstått som konverteringsterapi. Det kan vere forbønn, sjelesorg, audmjukande samtalar, å offentleg bli irettesett eller eksorsisme, altså djevel- eller demonutdrivelse.
Skildringar som bønnemøte der alle deltakarar skal bli kvitt «ureine tankar», skuldingar om å vere besett av djevelen, eller tilbod om å bli sendt på leir for å bli «kurert», kjem fram i rapporten.
I juni la regjeringa fram eit forslag om å forby konverteringsterapi.
Trass forsøka om å endre seksuell orientering, kjem det fram at tru, religion og religiøse nettverk er viktig for mange religiøse skeive, også etter dei bryt med miljøet eller trussamfunnet.
Åtte av ti svarer at dei i dag har religiøs tilhøyrsle til kristendommen.
Seks av ti varte at dei har opplevd diskriminering, mobbing, eller blitt krenka i eit religiøst miljø no eller tidlegare.
På oppdrag frå Barne, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har Nordlandsforskning og Høgskulen på Vestlandet samarbeida om prosjektet.
Første norske rapporten
Rapporten består av ei spørjeundersøking med 253 personar, og 17 djupneintervju med personar i alderen 19–74 år. Dei fleste er kristne. Det er også ei overvekt av mannlege, kvite, homofile.
Dei har blitt spurde om:
- Erfaringar med å vere skeiv og religiøs
- Det å komme ut som skeiv
- Korleis konverteringsterapi blir utøva
- Bilete av gud og religiøst fellesskap
Dette er den første norske rapporten om tema.
– Rapporten er den første av sitt slag i Noreg. Den skildrar skeive sine erfaringar med konverteringsterapi, og viser til dømer på kva slags konsekvensar desse handlingane får for dei som blir utsett for dei, seier avdelingsdirektør i Bufdir, Anna Bjørshol.
Fleire av dei som har svart på undersøkinga, skildrar ein oppvekst der homofili blei omtala som «synd».
Trass det fortel fleire om positive erfaringar med «å komme ut» til familiane sine.
– Det er vondt å lese historier om personar som blir nekta å få vere den dei er i religiøse fellesskap. Rapporten viser samstundes at tru, religion og religiøse nettverk er viktig for mange religiøse skeive, seier Anna Bjørshol i Bufdir.
Fleire skildrar at dei har undertrykt eigen seksuell orientering og kjønnsidentitet. Anten i møte med homofobi eller transfobi, eller på grunn av frykt for dette.