boklansering-kjonnstru-2-crop-1694686055-1745x806

Kampen om røynda

Haustens utgjeving frå den tidlegare professoren ved Universitetet i Stavanger har hatt eit dramatisk personleg preludium. I sommar sa ho opp ei akademisk prestisjestilling utan å ha anna arbeid å gå til.

Boka hennar, «Kjønnstru- kampen om røynda» er eit kontant svar til alle som måtte meina at ny kjønnsteori berre dreier seg om å koma ei lita sårbar gruppe i møte. Undertittelen poengterer at kjønnsdebatten må lesast inn i ein mykje større samanheng.

Han er eit ekko av Kalvigs nylege svar på Dagens spørsmål om kva ho meiner står på spel: «Sjølve menneskesynet».

Ho samanfattar situasjonen slik: «I Noreg er det konsensus om å ikkje snakka om at me har verdas mest ytterleggåande lovgjeving om kjønn».

Men Anne Kalvig har fleire gonger vist at slik konsensus-kultur ikkje er noko for henne. I «Kjønnstru» eksponerer ho dei mektige og effektive aktørane som på kort tid har endra samfunnet og ho drøftar debatten knytt til kjønn med eit personleg innsteg.

Koplinga mellom kjønn og biologi er blitt som ein Ground Zero for offentleg debatt. Her sto ein gong to søyler. No er dei styrta, og mange føler dei gjer best i å halda seg langt vekke, for å unngå å bli treft av ubereknelege vrakrestar.

Andre i hennar situasjon kanskje hadde fort teke første fly sørover for å fordøya den brå slutten av UiS-karrieren på ei stille strand. Kalvig siktar seg med denne utgjevinga inn på debatt-orkanens auge.

Ho står fram både som ein person med skarpe synspunkt og tydelege konturar, men først og fremst som ein kompetent bidragsytar med svært god oversikt over saksfeltet.

Sjølve framstillinga er systematisk. Etter ei innleiande oversikt, og diverse nyttige avklaringar, mellom anna knytt til Kalvigs eige fag- og kompetanseområde, drøftar ho tema som korleis ny kjønnsteori endrar språket vårt, på kva måte det har influert lovverket og korleis det har nedfelt seg i konkret medisinske inngrep.

I tillegg gir ho oversikt over dei mange ulike aktørane på kjønns-feltet, og ho drøftar også korleis kjønnsdebatten har utspelt seg i media.

Førstnemnde gir innblikk særleg i organisasjonen Fri sitt formidable gjennomslag i samfunnet vårt, og korleis eit heilt oppbod av ulike nettverk og organisasjonar, « … blandingar av opplæringstilbod og opinionsendrande aktørar», på rekordtid har bidrege til gjennomgripande samfunnsendringar.

Kvart av kapitla har fotnotar, noko som gjer det lett å orientera seg, og finna spesifikk informasjon. «Kjønnstru» er både debatt og folkeopplysning. Ho illustrerer godt korleis «kjønn» som tema er eit møtepunkt for ei lang rekke ulike fagfelt.

Eitt av Kalvigs hovudpoeng er at når kjønn ikkje lenger er knytt til felles erfaringar med basis i biologi, men blir frikopla frå det materielle, går det frå å vera vitskap til å bli tru. Siste delen av boka er eit djupdykk i tolkinga av kjønnsfeltet som eit religiøst uttrykk.

Undervegs gir ho mange døme på det svært utfordrande ved at reint subjektive førestillingar skal leggja premissane for identitet, lovverk og medisinsk behandling.

Særleg kapittelet om korleis nye idear knytt til kjønn kjem til uttrykk i medisinsk behandling, er sterk kost. Detaljrike døme kombinert med sitat frå varierte kjelder gjev foruroligande innblikk.

Når biverknadane av såkalla kjønnsbekreftande behandling ikkje berre omfattar tap av beinmasse, infertilitet, seksuell dysfunksjon, men også kan ha negativ påverknad på utviklinga av sjølve hjernen hos unge menneske, bør vi sjå oss om etter næraste naudbrems.

Kapittelet avslører at medisinen på dette feltet er kommen ut i eit motsetnadsfylt og skoddete landskap.

Dette handlar i stor grad om eksperimentell behandling og irreversible inngrep inn mot ei ung pasientgruppe. At Sverige nyleg har tatt ein u-sving på feltet, er berre eitt døme på kor fort ting endrar seg.

Å dokumentera korleis kjønnsfeltet er prega av raske endringar, er eit viktig poeng hos Kalvig. Drøftinga av lova om sjølvidentifisering av kjønn og den planlagde innføringa av kjønnsnøytrale personnummer er to interessante døme i så måte.

Om eg skal peika ut to meir overordna linjer i «Kjønnstru», er stikkorda kvinnerettar og demokratikritikk. Frå utsiktspunktet til ein radikalfeminist argumenterer Kalvig for at endringane på kjønnsfeltet råkar kvinner på ein særmerkt måte.

Når biologiske kvinner ikkje lenger er ein særkategori, men kvinneomgrepet no også må inkludera biologiske menn, om dei skulle ønskja det, misser kvinnesaka sitt definerande utgangspunkt.

«Kvinne» som kategori vert ofra, til fordel for noko reint subjektivt, slik Kalvig ser det. Det som har blitt bygd opp av vern rundt kvinners tryggleik, fordi dei treng eit særskilt vern mot vald og overgrep, står for fall.

Alle som har gått med kjensla av at klassisk radikalfeminisme og det ein litt lettvint kan kalla «transrørsla» ein dag frontkolliderer, får her syn for segn. Boka til Kalvig gjev meg kjensla av å vera der når det skjer.

Kalvigs oppgjer med den norske «guruen» innan ny kjønnsteori, Espen Esther P. Benestad, illustrerer denne kollisjonen med ettertrykk.

I mange år og med få kritiske motstemmer (dokumentert då det kom fram at han ikkje har blitt møtt med vanlege publiseringskrav i samband med professorat) har han vore nærast eineleverandør av premiss for den kjønnstenkinga som no gjer seg gjeldande i læreplanar og lovverk.

Demokratikritikken hos Kalvig går også djupt. Mens ny kjønnsteori gjerne er assosiert med stikkord som inkludering og openheit, viser Kalvigs analyse at den praktiske innføringa ikkje har vist særleg stor iver for å forankra vedtaka i breie, demokratiske og godt opplyste prosessar.

Eit sitat frå SVs Kirsti Bergstø i samband med stortingsbehandlinga av lova om endring av juridisk kjønn eksemplifiserer: «Dette er spørsmål som ikke nødvendigvis angår det brede lag i befolkningen (…) men for dem det gjelder, er det helt avgjørende at man tar de grepene vi i dag tar».

Det er nett denne tankegangen boka utfordrer. «Innhaldet i ordet «kjønn» er blitt endra og tømt for materiell meining utan at folk flest har fått det med seg, eller fått høve til å gi sitt syn til kjenne», hevdar Kalvig.

Undringa over «korleis det kunne skje at samfunnet i vår tid kunne forlata objektiv, materiell røynd til fordel for indre kjensler om røynda (…)» ligg som ein bankande puls gjennom dei godt og vel 350 sidene i «Kjønnstru».

Lesaren treng slett ikkje dela alle hennar perspektiv for å la seg overtyda av det grunnleggjande: Mykje står på spel på kjønnsfeltet.

Det er elles interessant å merka seg dei overraskande alliansane som dukkar opp i kjølvatnet av kjønnsdebatten, til dømes mellom tradisjonelt orienterte kristne og radikalfeministar som Kalvig. Det ber bod om spennande samtalar og nye perspektiv.

At Anne Kalvig, akademikaren som la ned professortittelen i protest, no tilbyr ei kritisk gjennomgang av kjønnskampen her i Noreg, er ein kraftsats og eit varsku, neppe eigna til å auka populariteten hennar i det Ibsen ville ha kalla «den kompakte majoritet».

Boka bør likevel lesast av alle med interesse for det som formar samtida og tanken vår. Og kven veit, kanskje det kjem ei ettertid med nok klarsyn til å takka henne fordi ho tok kampen for «røynda» – sjølv om det kosta henne dyrt.

 

Sofie Braut

 

ANMELDT/SAKPROSA

Tittel: Kjønnstru – kampen om røynda

Forfattar: Anne Kalvig

Forlag: Medvit

År: 2023

Først publisert i Dagen

Facebook
Twitter
Pinterest
LinkedIn
Andre bøker
Madness

The madness of the crowds

Et saklig oppgjør med sex-revolusjonen Dagen anmelder ikke vanligvis engelske bøker. Men den kampen om familieformer og seksualliv som nå foregår i Norge, er en

God and the transgender debate

Hva innebærer transproblematikk og kjønnsdysfori? Hva sier Bibelen, og hvordan skal vi som kristne forholde oss til denne debatten, men kanskje like viktig: Hvordan skal

Bøker

HOMOEROTICISM

Vi er svært glade for å kunne tilby leserne anledning til å laste ned boka Homoeroticism av Chrys C. Caragounis. Chrys C. Caragounis gir leseren

Foto: Bokomslag

Live not by lies

Gjennom en lang rekke av verdens større og mindre dramaer, fra den amerikanske presidentvalgkampen via offentlig meningspoliti til de økende vanskelighetene med å bruke kontanter

Andre bøker

Desist, Detrans and Detox

Boka Desist, Detrans and Detox, Getting your child out of the gender cult, må være den mest politisk ukorrekte boka som har kommet ut på

Kristen tro og politisk tenkning

Denne boka handlar om forholdet mellom kristen tru og politiske tenking, særleg med tanke på forhold som trugar demokratiet i vår tid. Det er eit

Samtykket

Hvordan forholder tilhengerne av liberal seksualitet og radikal kjønnsteori seg til pedofili? I boka Samtykket tar Vanessa Springora et oppgjør med en kultur som i