Knapt flertall for å velsigne likekjønnede par i Church of England

Foto: master1305 fra Freepik
Foto: master1305 fra Freepik

Eit vedtak i generalsynoden denne veka opnar for velsigning, men ikkje vigsle av likekjønna par.

Etter avgjerda kom dei to øvste leiarane i Church of England, erkebiskop Justin Welby av Canterbury og Stephen Cottrell av York, med ei felles fråsegn. I følgje Dagen er både forkjemparar og motstandarar av endring er misnøgde etter kompromissvedtak i Chuch of England.

«Vi har hørt, høgt og tydeleg, i ein omfattande debatt over to dagar, kor djupe kjenslene er gjennom kyrkja i desse svært viktige spørsmåla», skriv dei ifølgje Yahoo News.

«Vi vil reflektere over alt vi har høyrt når vi prøver å gå framover saman», legg dei til.

Eigne seremoniar

Generalsynoden er det øvste organet i Church of England. Vedtaket inneber at likekjønna par kan invitere familie og vener til seremoniar der dei feirar sine borgarleg inngåtte ekteskap.

Det går dermed lenger enn bispemøtet i utgangspunktet var villige til. Dei ville inkludere forbøn i samband med vanlege gudstenester.

Den dramatiske avrøystinga viser kor splitta kyrkja er, skriv Kristeligt Dagblad.

Forslaget kravde fleirtal i alle dei tre kamra i synoden. Tettast var avrøystinga mellom dei leke, der det berre var éi røyst i overvekt: 99 mot 98.

Mellom prestane var talet 101 mot 94. Mellom biskopane var talet 25 mot 16.

Det er ti år sidan ekteskapslova vart endra i Storbritannia. Teologisk usemje om likekjønna samliv har skapt sterke motsetnader både i kyrkjesamfunnet og i det globale anglikanske fellesskapet i endå fleire år.

Usemje mellom biskopar

Vedtaket kjem i kjølvatnet av at bispemøtet i Church of England i oktober gjekk innfor «Prayers of Love and Faith». Det er ei samling bøner og lesingar for likekjønna par, som kan verte brukte i noverande seremoniar. Biskopane godkjende også å bruke desse bønene i eigne seremoniar, ifølgje Religion News Serivce.

Tolv av biskopane markerte at dei var usamde også i dette vedtaket, ifølgje Church Times.

Framleis misnøye

Forkjemparar for teologisk liberalisering er likevel ikkje nøgde. Ei av dei er Jayne Ozanne, som sit i generalsynoden.

– Church of England er framleis djupt homofobisk, same kva biskopar og erkebiskopar seier. Eg fryktar at store deler av nasjonen vil vurdere Church of England som undertrykkjande, hyklande og ukjærleg. Dei har dessverre rett, seier Ozanne ifølgje The Guardian.

Presten John Dunnett, som leier Church of England Evangelical Council, seier at han sørgjer over avgjerda.

– Den vil rive lokale soknekyrkjelydar frå kvarandre, øydeleggje relasjonen mellom mange geistlege og biskopane deira, og føre til at kyrkjer rundt i bispedøme føler at gjetarane deira har forlate dei, seier Dunnett ifølgje BBC.

 

Dagen

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter