Biskop Veiteberg holder seg unna Therese Egebakken

Foto: Kon Karampelas fra Unsplash
Foto: Kon Karampelas fra Unsplash

Eg har reflektert ein del over dette sidan i går kveld og eg undrar meg over kva ho meinte med den kommentaren. Eg håpar det ikkje betyr at ho faktisk berre er ein biskop for sine likesinna, skriv kyrkjerådsmedlem Therese Egebakken i ei melding til Vårt Land om at Oslo-biskop Kari Veiteberg skriv på Facebook at ho «held seg unna» Egebakken og Facebook.

Skjermdump Egebakken Veiteberg facebook

Vårt Land skreiv førre veke om at Egebakken er uroa for korleis Alex Ramstad Døsvik, som blir den fyrste ikkje-binære presten som ordinerast i Noreg, kjem til å forkynne om kjønn.

Diskusjonen har halde fram på ulike flater, og mellom anna har Anders Runesson, dekan og professor ved det teologiske fakultetet på Universitetet i Oslo, skrive ein kronikk i Vårt Land, der han tek til orde for at «Gud er hinsides kjønn». Denne artikkelen har Oslo-biskop, Kari Veiteberg delt på Facebook.

Egebakken: – Skulle ynskje du valde å svara som biskop

I kommentarfeltet har Egebakken nytta høvet til å stille biskopen eit spørsmål: «Kvifor blir ein skapt til mann eller kvinne, viss Gud hadde planlagt at det var opp til oss å velje?»

Veiteberg svarar Egebakken med å vise til at ho bør lesa den delte kronikken og fleire andre kjelder.

Til det svarar Egebakken, som også tidlegare har etterspurt ei teologisk avklaring frå biskopane kring ikkje-binære:

«Eg har lese. Eg skulle ynskje du valde å svara som biskop meir enn å vise til svar frå andre».

Overraska over svar

Til Vårt Land seier Egebakken at ho blei overraska over svaret frå biskopen, og at det får ho til å lure på om Veiteberg «berre er biskop for sine likesinna»:

– Ynskjer ho ikkje å svara meg meir enn det fordi «eg er konservativ»? Eg stiller saklege spørsmål og får til svar at ho held seg unna meg og Facebook.

Dette avkreftar Veiteberg til Vårt Land.

– Ho veit godt at eg er biskop for alle i Oslo bispedøme, men så vidt eg veit bur Egebakken ikkje i Oslo.

Biskopen kallar Facebook for «ein veldig feil arena» for denne typen diskusjon.

– Eg la ut ein veldig god artikkel til opplysning for mange, ikkje som eit utgangspunkt for debatt.

Veiteberg seier det er viktig å få fram at ho ikkje ynska å seie at ho ville halde seg vekke frå Egebakken som person, men at det dreier seg om at ho ikkje ynskjer å bruke Facebook som ein arena for denne typen samtale.

– Ho er velkommen til å ringe meg for å snakke med meg. Når me jobbar i ei kyrkje har me våre organ der me møtast andlet til andlet.

– Bør vera interessert i dialog

Egebakken på si side meiner at Veiteberg som biskop bør prioritere å svara på «alvorlege spørsmål som blir stilt og vera interessert i dialog også med dei ein er ueinige med».

– Eg ser at ho skriv med sin private Facebook-konto støttande kommentarar under innlegg til dei som i saka om kyrkja sin fyrste ikkje-binære prest har delt sine tankar på Facebook, men når eg som har eit anna synspunkt spør henne om noko, så vel ho å møte meg med å seie at ho held seg unna meg og Facebook. Dette forstår eg ikkje, skriv Egebakken.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter