Sidan 2012 har Gallup spurt vaksne i USA om dei reknar seg som noko anna enn heterofile. Dei siste tala viser at dette no gjeld 7,6 prosent av dei spurde, mot 3,5 prosent i 2012. Det skriv avisa Dagen.
Over halvparten av desse reknar seg som biseksuelle.
– Det er viktig å sjå i kor stor grad LHBTQ-miljøet er biseksuelt, og det er definitivt noko vi ser i unge generasjonar, seier Jeffrey Jones i Gallup til NBC News.
Totalt svarar 85,6 prosent at dei reknar seg som heterofile. 6,8 prosent vil ikkje svare.
Dagen skriv vidare at endringane har vore særleg tydeleg i dei unge generasjonane. For «millenials» (fødde tidleg på 1990-talet til midt på 1990-talet) er det rundt ein av ti som plasserer seg i LHBTQ+-kategorien.
For «generasjon Z» (fødde frå midt på 1990-talet til tidleg på 2010-talet) gjeld det rundt ein av fem.
– Nesten 30 prosent av kvinner i generasjon Z identifiserer seg som LHBTQ+, dei fleste som biseksuelle. Det er der mykje av veksten ser ut til å skje, seier Jones.
Dersom trenden held fram, meiner Gallup det er sannsynleg at den totale delen som identifiserer seg med ein seksuell minoritet, vil passere ti prosent i løpet av dei neste tre tiåra.
Langsiktig perspektiv
Den kristne organisasjonen Focus on the Family ser utviklinga i samanheng med endringar i lovverk, kultur og skulevesen.
Organisasjonen meiner konservative kristne må bu seg på at det vil ta lang tid å snu utviklinga, men at dei må halde fast på ein tradisjonell bibelforankra etikk og formidle denne til både eigne born, i kyrkjelydar og i det offentlege rommet.
Focus on the Family viser til at dei første kristne også stod overfor eit stort mangfald på dette feltet.
«Kyrkja har vore her før – og radikalt forandra verda. Vi kan gjere det igjen», heiter det i artikkelen.