– Vi stussar veldig over framgangsmåten til Ålesund kommune. Dei seier dei arbeider med mangfald heile året, men vil ikkje at skulane skal feire pride. Det ligg ein motsetnad i dette og det er trist at Ålesund har gått denne vegen. seier likestillingsombod Bjørn Erik Thon til NRK.
NRK skriv vidare:
No har Likestillingsombodet sendt brev til Ålesund kommune og krev å få vite korleis dei arbeider for mangfald og mot diskriminering.
Nekta prideflagging på skulane
Det var i midten av mai at kommunedirektøren i Ålesund sende brev til skulane i kommunen om at det ikkje var lov til å heise regnbogeflagget under markeringa av pride i år.
Regnbogeflagget skulle likevel verte heisa på rådhuset og i sentrum av byen, men flaggnekten vekte sterke reaksjonar over heile landet.
Rektor ved Blindheim ungdomsskole protesterte ved å trasse forbodet og heise regnbogeflagget ved skulen:
Vil sjå kommunen i korta
I eit brev til Ålesund kommune skriv likestillingsombodet at heile den offentlege sektoren i Noreg skal arbeide aktivt, systematisk og målretta for å fremje likestilling og hindre diskriminering.
Kommunalsjef for oppvekst, Hildegunn Pedersen, sa til NRK då flaggnekten vart kjend at skulane jobbar med mangfald og inkludering heile året, og kunne markere pride på andre måtar enn ved flagging.
Likevel meiner likestillingsombodet at kommunen sitt arbeid treng utgreiing.
– Vi skal jobbe mot for likestilling og mot diskriminering. Difor vil vi sjå ein kommune som Ålesund nærare i korta når dei seier at dei arbeider med mangfald heile året samstundes som dei nektar skulane å flagge på den viktigaste mangfaldsmarkeringa vi har i Noreg, seier Thon til NRK.
Pedersen seier til NRK at det er heilt greitt at Likestillingsombodet vil sjå nærare på mangfaldsarbeidet i kommunen.
– Vi får ta læring av det som kjem fram av eit slikt tilsynsarbeid. Eg trur skeive i skulen i Ålesund er godt ivaretekne, men ein kan ikkje vere hundre prosent sikker. Men vi har mange gode rutinar og prosedyrar og mange fine undervisningsopplegg for å ivareta alle grupper i skulen, seier kommunalsjefen.
Rektor på Blindheim ungdomsskole trassa Ålesund kommune og heiste pride-flagget då kommunen sa nei til prideflagging på skulane. Men at Likestillingsombodet skal blande seg inn i saka har han ikkje sans for.
– Eg ser ingen grunn til at det skal opprettast noko tilsyn mot Ålesund kommune. Det blir jobba utruleg godt i alle ledd i kommunen, både på skular og andre arbeidsplassar, så dette finn eg heilt meiningslaust, seier rektor Hallgeir Buset.
– Men dette er vel ei viktig sak?
– Det er ei veldig viktig sak. Men eg trur ikkje likestillingsombodet kjem til å finne noko i Ålesund kommune som dei kjem til å setje fingeren på, seier ungdomsskulerektoren.
Han seier at slike krav som han no har sendt til Ålesund kommune er ein viktig del av tilsynsarbeidet til Likestillingsombodet.
– Dette er ei av kjerneoppgåvene våre. Det er viktig at vi engasjerer oss i ei sak som dette. Pride er ei av dei viktigaste mangfaldsmarkeringane vi har i Noreg, seier Thon.
– Det sender eit svært uheldig signal spesielt til den skeive befolkninga. Vi snakkar om toleranse og om menneskeverd og at alle skal få lov til å elske den ein vil.
Ålesund er den einaste kommunen der Likestillingsombodet har starta eit slikt arbeid med bakgrunn i pride-markeringa. Thon utelukkar ikkje at det kan bli liknande saker i andre kommunar.
– No er det fordi Ålesund «flagga» standpunktet sitt. Eg vonar kommunen gjer ei ny vurdering. Og eg håpar at fleire skular gjer som rektoren på Blindheim og vel å flagge på pride, seier Thon til NRK.