Ny abortlov uten ordet kvinne

I dagens abortlov dukkar ordet «kvinne» opp 34 gonger. I forslaget til ny abortlov er ordet erstatta med «gravide». Det kjem fram i regjeringas forslag til ny lov, som vart lagt fram før helga. Det skriv Vårt Land.

Vårt Land skriv vidare:

I forlaget skriv Helse- og omsorgsdepartementet at rettane i lova er lagt til «gravide», som viser til alle gravide, uavhengig av deira juridiske kjønn. Dermed vil abortlova også inkludere transpersonar og ikkje-binære.

I teksten som står til lovforslaget bruker departementet pronomena «hun», «henne» og «hennes» og ordet «kvinnen». Men i sjølve lovteksten blir berre ordet «gravide» brukt. Unntaket er paragrafen om abortnemnder, som seier at to av medlemmene skal vera kvinner.

Endringa i ordbruk er i tråd med forslaget frå regjeringas abortutval.

I høyringsrunden har Bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet) vore positive til ei kjønnsnøytral utforming av abortlova:

«Dette vil sikre at gravide som har juridisk kjønn som mann, og eventuelt ikke-binære dersom det innføres en tredje kjønnskategori, får tilgang til abort på lik linje med personer som har juridisk kjønn som kvinne.»

Bufdir viser til utgreiinga dei har gjort om ein tredje juridisk kjønnskategori. I rapporten frå 2023 tilrår Bufdir å endra dagens abortlov, «slik at reproduktive evner blir avgjørende for rett til abort».

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter

Basilique Notre Dame de Montréal, Montréal, Canada

Når året 2024 blir et etisk argument

Stavanger bispedømme har bestemt at når bispedømmerådet møtes denne uken, skal det vedta å innføre en mangfoldserklæring i stillingsannonser. Kirkerådet og bispedømmene Oslo, Borg, Nidaros,