Leselekse for elleveåringar i haust: Jentekyssing og påstand om at «alle er litt bifile»

BARNELÆRDOM: Teikneserie med identitetspolitisk tematikk er del av leselystprosjektet Bokslukerprisen som mange skular legg inn som obligatorisk arbeid i desse dagar.

 

 

Nyleg møtte eg ei mor på min veg, som hadde opplevd at elleveåringen hennar hadde hatt ei ubehageleg skule-oppleving. Barnet hennar orka rett og slett ikkje å lesa leksa si.

Ved nærare ettersyn såg mora at leksa inneheldt bilete av to kyssande jenter. Ei av jentene i teikneserien som var lekse, konkluderte slik: «Helt ærlig så tror jeg alle mennesker er litt bifile uten å vite om det».

Del av leseaksjon

Sitatet kjem frå boka «Jenter» av Cathrine Sandmæl, ei av ti nominerte bøker til den såkalla «Bokslukerprisen». Dette er ein gratis, nasjonal leselystaksjon for mellomtrinnet, altså for elevar frå ni til tolvårsalder.

I seinare tid er vi nærast blitt programmerte til å tolka elleveåringens ubehag og motvilje mot å lesa denne leksa som ein variant av «homofobi». Eg ser føre meg alskens rettleiing som i dag vil seia at elevar som gir uttrykk for slikt, treng meir eksponering for alt «skeivt» — ikkje mindre.

Men vi vaksne er snare til å reagera når vi blir pådytta nokons seksualitet eller seksualisert innhald som vi ikkje ønskjer.

Kyssing kan sikkert verka uskuldig i ei tid som vår. Har vi nok innleving og empati att til å skjøna at barn kan oppleva det annleis?

Bokslukarprisen, i samarbeid med norsk skule pumpar leselysttiltaket sitt ut til 120.000 elevar landet over. Når innhaldet omfattar seksualisert og pride-aktivistisk agenda, bør det ikkje berre vera elleveåringars magekjensle som protesterer.

La barn vera barn

Å bli påtvinga upassande seksualitet er eit allment problem. Elles ville vi til dømes ikkje hatt ein lovparagraf mot blotting her til lands. «Ærleg talt, det er vel berre å sjå ein annan veg» synest ikkje å vera ein sakssvarande respons til nokon som har blitt offer for noko så ubehageleg.

Men når elleveåringar får jentekyssing knytt til eksplisitt seksuelle omgrep trædd nedover hovudet ei heilt vanleg skuleveke, er det på tide å minna om at den seksuelle lågalderen her til lands faktisk er 16 år.

Og berre så det er sagt: Det tyder sjølvsagt ikkje at elevane skal skjermast for seksualundervisning før ein er 16.

Dette handlar om noko så enkelt som å la barn få lov til å vera barn. Skulemateriellet bør la barn sleppa å bli med inn i ein seksualisert tankegang, der eksperimentering og utprøving av ulike alternativ er det viktige.

Barnas eigen respons

Bokslukerprisen har elles ei nettside der dei unge lesarane kan leggja inn sin respons på dei nominerte. Dei innsende elevkommentarane er interessant lesnad. Påfallande mange (godt over halvparten av rundt 450) er negative.

Ein gjengangar er at det er «ekkelt» med kyssing. Nokre seier dette «passer for ungdomsskoleelever». Ord som går att i responsen er elles «rar», «privat», «kjedelig», «flau» og «klein».

Barnas repons utgjer ein svært interessant kontrast til lovorda som Sandmæls prosjekt har fått frå vaksne bokmeldarar.

Så er det dei barna som fornuftig og veslevaksent seier som «Mia»: «Det er ikke så mange i klassen min som føler at de har lyst til å lese den (noe) som jeg synes er litt dumt. (…) Men jeg synes at det kanskje burde være flere sånne bøker sånn at spesielt barn kan lære at det med å være homofil ikke er noe galt».

Avslørande

Den positive responsen boka får, er nesten det aller mest avslørande her. Dei «fornuftige» barna, dei som har lytta merksamt til vaksne, og prøver å kopiera deira perspektiv, gir boka skryt.

Men merk at det ikkje primært er skryt for å vera ei spennande og oppslukande forteljing (som er sjølve poenget med god forteljekunst). Derimot for å fremja dei «rette» synspunkta knytt til homofili. Gjerne med ein liten prideflag-emoji til pynt.

Eg blir takknemleg for det avslørande barneblikket. Men også litt nedslått over kor vaksne nokre barn føler dei må vera på feltet seksualitet. Det blir for lite rom for sjølve litteraturen og leselysta når identitetspolitikken krev sin plass.

Mindre plass for barns leseglede

At barn i barneskulen heller enn å vurdera om boka er kjekk, spennande eller moro, føler dei må ta stilling til om ho er «viktig» og ein type bøker vi «burde» lesa, er berre ei trist påminning om kor lite plass det er for barns leseglede om dette held fram i same spor.

Det fortel ein heil haug om kor langt vi er komme med å pådytta barn ulike ideologiske saker dei samvitsfullt skal måtta svara for.

Det umettelege behovet for alles — inkludert barns — lojale oppslutnad om eit grenselaust seksuelt frigjeringsprosjekt kjem til uttrykk på stadig fleire felt. Skulen burde vera ein stad for å yta slike tendensar motstand, men i staden får vi her døme på det motsette.

Som vanleg er det barna som må tilpassa seg, eller alternativt betala ein pris. Alle veit at du er i trøbbel om du ikkje er lydig og gjer leksene.

 

Sofie Braut

Teksten ble først publisert i Dagen

Dele
Facebook
Twitter
Pinterest
LinkedIn
Andre skribenter
Relaterte saker

Aktivisme på pensum

Kan det forsvares at sentrale aktivister i realiteten blir gitt definisjonsmakt på kjønn og identitet gjennom opplæringen i grunnskolen, også på barnetrinnet? Esben Esther Pirelli