Transaktivisme med religionsliknande trekk
Eg har ofte tatt til orde for at folk skal få lov til å ha og utøva sine magiske og religiøse syn, i eit Norge som sett tanke-, ytrings- og trusfridom høgt. Det har stort sett dreidd seg om at individ og grupper har presentert eit tilbod eller fellesskap for dei som måtte føla seg kalla. Nå for tida er me vitne til ei forflytning, både kva gjeld tanke- og ytringsfridom, og kva som skal reknast som tru eller vitskap. Då siktar eg til transaktivismen, og understrekar at det ikkje er einskilde transpersonar eller kjønnsinkongruens eg her omtalar, men ei sexologisk-politisk, aggressiv aktivistisk rørsle som i aukande grad bestemmer kva som skal gjelda som røynda for samfunnet som heilskap.
Transaktivismen viser godt igjen på internett og sosiale media, og er såleis global og tilgjengeleg for barn og unge overalt. Han representerer to tendensar som minner om vrangsida av religion og magi: den eine er at kritikk og usemje blir sensurert, den andre er at forhold blir framstilte som faktiske og vitskaplege, når dei ikkje er det.
Sensuren handlar om at kvinner som målber kritikk mot transaktivismen blir utsette for heksejakt og trugsmål om vald, til dømes i form av twitterfråsegner om at «terf»’ar skal bli slått (terf, transeksluderande radikalfeminist, blir brukt som skjellsord), eller at dei skal «suck my transgender dick». «Føkk terf-er» var for øvrig parola båren av Raud Ungdom i Trondheim i årets 8. marstog. Kunstnar Tonje Gjevjon og gruppa Hungry Hearts fekk i 2018 ikkje lov å framføra songen «Vagina Anthem» på ei kunstutstilling om kjønn, fordi transpersonar kunne bli krenka av at songen omhandlar kvinner som biologisk kjønn. Oppropet eg signerte på change.org, mot usynleggjering av kvinner når ord som «menstruatørar» blir tatt i bruk (av Bodyshop-konsernet, til dømes), blei fjerna, og initiativet knebla. Dette er nokre få av døma som viser at språket og offentlegheita blir endra for å passa med ei røynd der ideologi og overtyding trumfar biologi og realitetar.
I vitskapleg forstand er biologisk kjønn binært. Transaktivismens evangelium fortel imidlertid barn og unge at dei skal velja kjønnet sitt sjølve, at kjønn er flytande, ei kjensle og like fullt noko dei skal kunna ta livsendrande avgjerder om. Kjønn blir forveksla med kjønnsroller. Det er eit stort paradoks at transpersonar som blei steriliserte før lovendringa om juridisk kjønn i 2016, nå skal kunna få erstatning, medan det store talet barn og unge som er under hormonbehandling i dag for å bli det kjønnet dei «føler seg som», også blir sterile og får alvorlege biverknader av medikaliseringa av kroppane deira.
Helsedirektoratet sitt forslag til retningslinjer for helsehjelp til personar med kjønnsinkongruens, herunder barn, blei i Folkehelseinstituttet (FHI) sitt høyringssvar i februar vist å ha alvorlege manglar: «Høringsutkastet bygger på et for svakt kunnskapsgrunnlag og dokumenterer ikke at kjønnsbekreftende behandling omfattes av retten til nødvendig helsehjelp». FHI sin gjennomgang av eksisterande forsking, viser ikkje at personar med kjønnsdysfori får betre psykisk helse etter såkalla kjønnsbekreftande behandling. Avisene synst ikkje det var verdt å skriva om at vår nasjonale kompetanseinstitusjon på psykisk og fysisk helse hadde flengande kritikk av forslaget, som ligg til grunn for retningslinjene som er vedtatt.
Det er Høgre og Bent Høie som har stått ved roret når radikal kjønnsideologi blir implementert i lovverket, utan konsekvensutgreiing, som ved innføring av juridisk kjønn i 2016. Religion og ideologi trumfa for øvrig gutebarns rett til å ikkje bli underlagt smertefulle, irreversible inngrep utan medisinsk indikasjon og utan samtykkekompetanse, då Høie i 2014 fekk gjennomslag for at sjukehus må tilby omskjæring av gutebarn, i staden for at praksisen blei forboden. Tru får såleis forrang i ulike former, med Høie som helseminister.
Kvinnerørsla sitt svar på ei verd med plass til alle, er å endra samfunnet, ikkje våre biologiske kroppar. I ei røynd der jenter og kvinner er undertrykte, vil transaktivistisk nytale usynleggjera og underkjenna våre historiske og nåtidige erfaringar. Tilkjempa rettar må sikrast og biologiske realitetar må gjelda, og ikkje bli underordna magiske formular om at sjela eller kjenslene våre utgjer det «reelle» kjønnet.
Anne Kalvig
Først publisert i Klassekampen 23. juli 2020