doskilt

Menn er kvinner er havfruer

Tru blir fakta og omvendt, og kvinner taper mot ny religion

For drygt eitt år sidan skreiv eg i denne spalta om «kjønn som tru». Eg peika på at transaktivisme har religionsliknande trekk, særleg vrangsida av religion: kritikk og usemje blir sensurert, og forhold blir framstilte som faktiske og vitskapelege, når dei ikkje er det.

Sidan har mykje skjedd; transkvinna Laurel Hubbard fekk delta i OL i vektløfting og tok plassen frå ei ung kvinne, og Norges Idrettsforbund har erklært at biologiske menn i kvinneidrett ikkje er eit problem, det er for få transkvinner i idretten. Pride-flagg vaiar frå offentlege flaggstenger i vekevis, ulikt flagging ved andre politiske markeringar. Ny lovgjeving om hatefulle ytringar (§185) og diskriminering (§186) vernar «kjønnsidentitet», men ikkje kjønn (hudfarge, etnisitet og funksjonsevne er derimot med utan ideologisk «identitet»-vedheng).

Eg blei på hatefullt vis i vår hengt ut på RationalWiki.org av norske «Charlotte Takveis», til liks med mange andre norske kvinner. Den lange «faktaartikkelen» erklærte meg som transfob kvinneleg professor, antifeminist og hatkultleiar, fordi eg frontar at kvinner har kjønnsbaserte rettar. Dette kunne ikkje meldast til politiet som hatefull ytring mot meg, eg måtte nytta sekkenemninga «hensynsløs atferd» (§ 266). Kvinnehat på nett er jo ein bagatell, slik annan vold mot kvinner er ein bagatell.

Observasjonen om at kjønnsidentitetsideologi og transaktivisme liknar fundamentalistisk religion, står dessverre fjellstøtt. Norske politikarar seier ikkje imot, kanskje av frykt for å bli stempla som «transfobe», alt medan lover og språk blir endra. Eksperimentell behandling av barn pågår. SPs Jenny Klinge og KrFs Truls Olufsen-Mehus er tydeleg bekymra, men ingen parti har gjeve nokon valkamplovnad om kritisk gjennomgang av kva det vil seia at me har innført kjønnsidentitetstru som statsreligion.

Religion, ideologi, kva er skilnaden? I religion blir det blir trekt inn transempiriske – overnaturlege, mystiske – storleikar. Ideologiar som idésystem treng ikkje slike element, men kan ha det. Kjønnsidentitetstrua er som mykje annan religion kjenslefokusert, grenseoverskridande og kontralogisk: kjenslene dine er røynda, menn er kvinner, lesbiske kan ha penis. Kjønn er ein transempirisk, overnaturleg, mystisk komponent inni oss, uavhengig av kroppen. For nokre blir endring av kroppen då naudsynt, for andre ikkje, og menn med penis og skjegg skal respekterast som fullt ut kvinner, transkvinner er kvinner.

På eit kjøpesenter i Stavanger støtte eg nyleg på doskiltet vist her. Doen er einskild, ein deler ikkje rom med andre. Skiltet fortel «Whatever – Just wash your hands» med bilete av ei havfrue, ei kvinne, ein figur som er halvt kvinne og mann, ein mann og eit romvesen. Symbola signaliserer lik ontologisk status: å vera kvinne er like sant/usant som å vera ei havfrue. Og framfor alt: skiltet erklærer at ingen bryr seg! Trendy folk forstår at kjønn ikkje finst – og er samstundes så fundamental del av den offentlege diskursen, at eit kjøpesenter i Stavanger melder seg på. Med einskilde doar som ingen har problematisert som kjønnsdelte eller ei.

Eit meme med romvesen på doskilt som kjønnspolitisk kommentar er også delt av norske menneskerettsekspertar. Det er jo så morosamt med hysteriske kvinnesakskvinner. Då unge kvinner på ein utestad i Stavanger i vår klaga på at dei måtte dela do med menn som identifiserer seg som kvinner, kom LDO raskt på bana og fortelte at jentene og alle som problematiserte opphevinga av kjønnsdelte fasilitetar, var transfobe. Transkvinner er kvinner, skreiv LDO på nettsidene sine, før dei sletta alle debattar dei som offentleg instans hadde tatt initiativ til på sosiale media kring do-saka, då dei fekk motstand i kommentarfelta.

Britiske Maya Forstater mista jobben fordi ho hadde tweeta kjønnsidentitetskritikk. I sommar fekk ho rett til å få prøvd oppseiinga som usakleg. Domstolen ETA seier nå at syn på kjønn som biologisk og noko som ikkje kan skiftast, er «a protected philosophical belief». Men fyrst blei syna hennar i ein lågare domstol erklært «ikkje verd respekt i eit demokratisk samfunn».

Dit er me komne, biologiske fakta er blitt filosofiske overtydingar. Kor går me vidare herifrå, kva tenker politikarane våre om skilnaden på tru og vitskap og kvinners kjønnsbaserte menneskerettar?

 

Anne Kalvig

 

Først publisert i Klassekampen 12. august 2021

Dele
Facebook
Twitter
Pinterest
LinkedIn
Andre skribenter
Relaterte saker

Selektiv kritikk

  Korfor er skepsis og religionskritikk så ujamt praktisert? Året som går mot slutten, har vist oss kor viktig det er å ha kritisk sans

Menn er kvinner er havfruer

Tru blir fakta og omvendt, og kvinner taper mot ny religion For drygt eitt år sidan skreiv eg i denne spalta om «kjønn som tru».

Når kjønn blir tru

  Transaktivisme med religionsliknande trekk Eg har ofte tatt til orde for at folk skal få lov til å ha og utøva sine magiske og

Foto: Shayna Douglas fra Unsplash

Magiske Rowling

  Harry Potters mor mot vold mot kvinner I år er det tjue år sidan den fyrste filmen om Harry Potter kom ut, basert på