Skriver

Rapport frå eit seksuelt schizofrent samfunn

Samfunnet vårt er seksuelt schizofrent.

I alle fall er det noko som ser ut til å gli frå kvarandre når kvinner krev respekt for grenser, samtidig med at kultur retta mot barn gjer sitt beste for å demontera nettopp desse grensene.

Kulturrevolusjon?

I snart 10 år vi hatt med oss omgrepet Metoo. Frå den grimme Weinstein-saka i 2017 vart uttrykket til ein globalt brennvarm emneknagg på sosiale medium. Kampanjen skulle synleggjera sextrakassering og uønskja seksuell merksemd, særleg retta mot kvinner.

Ei viktig side ved #metoo har vore å få fram individuelle forteljingar om grenser som har blitt krenkja. Kampanjen skal visstnok «også ha ha ført til en mer dyptgripende kulturell bevissthetsendring», hvis vi skal tru Store norske leksikon.

Alt i januar 2018, året etter første Metoo-sak i Noreg, karakteriserte forsvarsminister Frank Bakke-Jensen #metoo som ein «kulturrevolusjon». Det høyrest unekteleg svært omfattande ut.

Men kor djupt stikk det eigentleg? Stadige drypp minner oss om at nokon slik kulturrevolusjon ikkje har skjedd. Dersom så var tilfellet, burde det i alle fall ha nådd fram til barnekulturen no.

«Kan virke forstyrrende»

Men norske barn er framleis prøvekaninar i den seksuelle revolusjonens utrangerte leikegrind.

Animasjonsfilmen «Spermageddon», med kinopremiere 28. februar, er eit svært eit illustrativt døme.

Men norske barn er framleis prøvekaninar i den seksuelle revolusjonens utrangerte leikegrind.

Filmen fortel historia om «sædcellen Simen som bor i pungen til Jens». Den vidare forteljinga om Jens og Lisa kunne sikkert blitt muntert nok.

Men jakta på «det fantastiske egget» blir fortalt ved hjelp av «grov humor og seksualisert språkbruk som kan virke forstyrrende på barn», kunne vi lese her i avisa. Også innhaldet har blitt karakterisert på same måten.

Her til lands betyr dette underleg nok ikkje at barn skal skjermast, men heller at dei blir plasserte midt i målgruppa. Filmen har fått aldersgrense 12 år, noko som betyr at niåringar også blir med på lasset.

Foreldreprotest

I Dagen har vi skrive om korleis filmens seksualiserte språk og degraderande menneskesyn har fått foreldre til å reagera. Eit opprop mot filmen har til no over 1.000 signaturar. Medietilsynet fortel om uvanleg mange klagar på filmen.

Aktuell avdelingsleiar i Medietilsynet tek oss i intervju med Dagen inn i eit univers der omsynet til retningslinjene verkar viktigare enn omsynet til barna. Ho fortel at dette er «en krevende film når det gjelder skiljet mellom hva som er skadelig (sic!) og hva som egner seg».

Eit univers der omsynet til retningslinjene verkar viktigare enn omsynet til barna

Her er det ikkje meir eller mindre eigna som er i frågan. Men ein film som potensielt er til skade for dei yngste. Men så landar ein altså på at det er for få argument som seier det er i strid med retningslinjene å gi filmen 12-årsgrense.

Standardsvaret handlar alltid om å sjå heile filmen. Foreldre som reagerer, bør berre døyva ned instinkta sine, og sjå samanhengen.

Lytta til mor?

I samfunnsdebattar elles er det blitt vanleg å spørja om «det er vaksne heime» når ting synest gå over styr.

Vel, kva vits er det i vaksne dersom målet er å døyva deira tilløp til god dømmekraft?

I boka si «The Case Against the Sexual Revolution» (2022) konkluderer forfattar Louise Perry under overskrifta «Listen to your mother» («Lytt til mora di»).

Berre eit slikt råd, fordrar jo ein tanke om at det faktisk finst mødrer som ikkje føler seg forplikta til å rota gjennom heile søppelkassa berre for til slutt å føla at dei har lov til å reagera. Det er ei glede at gode mødrer og andre vaksne slår i bordet når seksualiseringa av barna deira kjem oppkledd som «kvalitetsanimasjon».

Eitt av hovudpoenga hos Perry er at unge kvinner har blitt svikta av liberalfeminismen, og at den hyperseksualiserte kulturen berre kjem eit fåtal høgstatus menn til gode. Men også barna er blant dei som sit att som tapande part. Det blir overtydeleg i debatten rundt denne filmen.

Eitt av dei avsluttande råda i Louise Perrys analyse er følgjande: «Mistru ein kvar som prøver å få deg til å oversjå din eigen moralske intuisjon». Pling! Medietilsynet.

 #Metoo som parallellsamfunn

Då filmen først vart lansert, sa ein av skaparane, Tommy Wirkola, til NRK: «jeg kan fremdeles ikke helt tro at vi har fått lov til å lage noe som er såpass drøyt og tøysete, uten at noen voksne har satt ned foten». Nettopp.

Den emne kjensla av godt vaksne Wirkola si glede over å smørja noko «drøyt» utover barna sveittar gjennom i slike sitat. Det er ubehageleg og dystert. Men han opererer i eit landskap der slikt framleis vert ledd vekk i frykt for å verka puritansk.

I mellomtida, i #metoo sitt parallelle samfunn, ser poenget heile vegen ut til å handla nettopp om respekt for seksuelle grenser og personleg integritet. Det er eit nydeleg poeng. I eit seksuelt frigjort samfunn verkar det likevel som ein har blitt innhenta av ein moral ein har gjort sitt beste for å kvitta seg med.

Det er kanskje difor vi endar opp med å bruka moralsk millimetermål i samband med #metoo-saker, mens vi tek lett på grensesetjing rundt barna våre.

Forvirring som biprodukt

Slik forvirring er også eit biprodukt av seksuell «frigjering». Ei hand på feil lår i fylla for 15 år sidan kan nemleg vera ei #metoo-sak. Emneknaggen har ikkje noko filter for å skilja snørr og bart.

Det er den einskilde som veit kva tid ho har blitt krenkja. Vi andre må berre vera årvakent på hennar side.

Det funkar ikkje å seia til henne som til barna på kinoen, at «dei berre opplevde ein episode», at ein må «sjå på konteksten». Det ville også vore heilt absurd.

Og nokre vil seia det er like absurd å kopla saman ein animert film med verkelege hendingar. Men på overordna plan handlar begge delar om opplæring i grenser, om empati og behovet for meir heilskapleg tenking om kropp og seksualitet.

Nett no maktar ikkje samfunnet å byggja noko bru mellom den respekten vi som samfunn med rette krev for grensene til den einskilde kvinne og det skrikande behovet for gode grenser for barna våre.

Derfor bør vi feira kvar forelder som når systemet sviktar, protesterer, og faktisk viser at det finst vaksne heime, til og med vaksne med moralsk intuisjon.

Sofie Braut

Først publisert i Dagen

Dele
Facebook
Twitter
Pinterest
LinkedIn
Andre skribenter
Relaterte saker
Foto fra Vecteezy

Trump for virkeligheten

Trump-administrasjonen har utstedt to viktige ordrer 20. og 28. januar. De heter: «Forsvar av kvinner fra kjønnsideologi-ekstremisme og tilbakeføring av biologisk sannhet i statlig styring»

Foto: Vecteezy

Dei instrumentelle andre

  Kva blir overskridande figurar i religions- og kulturhistoria brukt til? Religionshistoria er eit oppkome av fantastiske figurar: jomfruer som får barn, guddommar som er