I flaumen av triste historier med vinkling utfrå vaksne sine behov og ønskar om barn, og som vi så lett identifiserar oss med og synes synd i, er det vanskeleg å få fram barneperspektivet. Eg har freista gjere det gjentatte gongar, men opplever ” å tale for døve øyrer”. SÅ kanskje kan eg lykkast bedre ved å oppmode stortingspolitikarane om følgande; Tenk grundig igjennom din eigen barndom og oppvekst. Still deg sjøl dette spørsmålet; kven av mine foreldre ville eg verkeleg ha vore forutan?
For barnet er det nemleg dette spørsmålet du som politikar skal avgjere i Stortinget tirsdag 26.mai. Kven av dei biologiske foreldra skal barnet bli fråteke ved eggdonasjon eller ved assistert befruktning for einslege?
For den retten som barnet er gitt gjennom FN sin Barnekonvensjon, sit du med makt til å kunne fråskrive barnet. Er du då villig til å påta deg det store og alvorlege ansvaret som følger med å stemme for vedtaket som er fremma?
Eg vil og stille deg spørsmålet om du har tenkt igjennom kva det å opne for eggdonasjon kan føre til vidare? Har du verkeleg tenkt grundig igjennom kva dette kan opne opp for?
Mitt neste poeng er nemleg ikkje “sugd av eige bryst”. Folk som sjøle arbeider innan fertilitets- og reproduksjonsfeltet, gir uttrykk for uro for kva dette kan lede til utfrå lovforslaga som er lanserte frå AP, FrP og SV.
Disse kan nemleg innebere at kvinner som ønsker kjønnsskifte får muligheit til å fryse egga sin, for så seinare å kunne donere disse til ei anna kvinne. Prøv her å tenke deg barnet sin situasjon; barnet som ved 15 årsalder (ifølge forslaget) har rett til å få vite om sitt biologiske opphav.
I den alderen har den unge vanligvis store og krevande utfordringar i sin søken etter eigen identitet. Det å få vite om og å kunne forstå seg sjøl utfrå sitt biologiske opphav, er for dei fleste eit viktig spørsmål. Viss du då som 15 åring blir presentert for at din biologiske mor har skifta kjønn og lever som mann, korleis trur du at det vil opplevast av den unge? Klarer du å sette deg inn i den situasjonen viss du tenker tilbake på deg sjøl i 15 årsalderen?
Min vurdering er at ein slik situasjon vil skape både sterk forvirring og alvorlege emosjonelle utfordringar for den unge og kan forstyrre den krevande identitetsprosessen som den unge står midt oppi.
Kva tenker du som politikarar om ditt ansvar for å ha opna for ein slik sannsynleg situasjon?
Viss du kjem med motargumentet at dette vil gjelde så få, så vil eg spørre; vil du ta lettare på ansvaret då; fordi det ikkje gjeld ei stor gruppe?
Vi treng som samfunn og for barna og dei unge si skuld, å tenke grundig igjennom kva forslaga vil kunne medføre av evnt. negative konsekvensar. Eg vil difor oppmode dei tre partia om å opne for ein breiare debatt og ein konsekvensutgreiing av dei forslaga som ligg føre.
Viss ikkje, så vil min spådom vere at dei tre partia vil ha lite å vere stolte av når vi har fått erfare dei vanskane og utfordringane som vedtaket vil skape for barna. Det er enno muligheit for å sikre at barneperspektivet vert gitt ein rettmessig plass i denne debatten.
Det er ikkje for seint å snu.
Mi oppmoding til deg som politikarar er; bruk dagane fram til tirsdag 26. mai til å gå i ditt lønnkammer og tenk igjennom mitt hovudspørsmål; Kven av dine foreldre ville du unnvere; mor di eller far din?