«Då eg gjekk forbi lokala for rundt eit år sidan, såg eg på oppslagstavla utanfor eit regnbogeflagg med teksten HER, ALLE ER VELKOMMEN! Så då gjekk eg inn. Og det var som å komme heim igjen.»
Det skreiv den svenske forfattaren, komikaren og artisten Jonas Gardell i ein post på Instagram søndag formiddag. Gardell er for mange i Noreg kjend for romantrilogien «Torka aldrig tårar utan handskar», som handlar om skeive i Stockholm på 1980-talet. Same dag skulle han gjennomføre si første messe Norrmalms kyrkje i Stockholm, saman med to av dei faste pastorane i kyrkja.
– Som å komme heim
Gardell er sjølv vaksen opp i den svenske baptistkyrkja. Han skriv på Instagram at han forlèt kyrkja som 16-åring.
«Lenge trudde eg at frikyrkjefolk var hyklerske som berre var ut etter å endre ein», skriv Gardell.
Lenge trudde eg at frikyrkjefolk var hyklerske som berre var ut etter å endre ein
— Jonas Gardell
Han engasjerte seg seinare i livet mykje i teologi, blant anna med bøkene Om Gud (2003) og Om Jesus, og han fekk i 2007 eit æresdoktorat i teologi ved Lund Universitet.
Der forbøn har sin viktigaste funksjon
Tidlegare har han engasjerte seg i Allhelgonakyrkan på Södermalm i Stockholm, som soknar under Svenska kyrkan. Men no vender han altså tilbake til frikyrkja han vaks opp i, og som han skildrar slik:
«Heile rommet er eit muskelminne, som når vintersola steig rosa om morgonen utanfor kjøkenvindauget, eller isbilen sitt signal i det fjerne.»
Samanslått frikyrkje
Norrmalms kyrkje tilhøyrer Equmeniakyrkan, som er ei samanslåing av Svenska Baptistsamfundet, Metodistkyrkan og Svenska Missionskyrkan. Også Frelsesarmeen i Sverige er tatt opp i den nye frikyrkja, som vart etablert i 2011.
Gardell fortel at han oppsøkte skeive messer i forsøk på å finne ei kyrkje han kunne kjenne seg heime i. Det var først i samband med research til si siste bok, Ett lyckligare år, at han oppsøkte Norrmalms kyrkje på ny.
«Eg oppdaga at Norrmalms kyrkje sin pastor Joel Sörensson var den einaste i alle kristne kyrkjer i Sverige som tydeleg forsvarte homofile.», skriv Gardell