Biskop Nordhaug får motbør for sin motstand mot oppropet som Peter Risholm og Einar Helgaas har organisert for å få en stopp av kjønnsradikal undervisning i norsk skole. Sist ut er Marit Johanne Bruset, spesialist i klinisk psykologi, Aud Farstad historiker og religionsviter Anne Kalvig. I et innlegg på Verdidebatt tar et knusende oppgjør med Nordhaugs påstander om vitenskap og grunnlaget for å anta at det finnes variasjoner av kjønn. Deres budskap er klart: Radikal kjønnsteori har ikke dekning i vitenskap.
De skriver:
Vi er kvinner med fagforankring i humaniora og psykologi som støttar Helgaas og Risholms opprop til foreldre, besteforeldre og alle ansvarlege vaksne om kjønnsforvirrande undervisning. Det som nå skjer i høve sårbare barn og unge, er så alvorleg at det er naudsynt å krevja handling.
Barn vert serverte kjønnsideologiske påstandar utan dekking i vitskap og fagfellevurdert forsking. Det same skjer med unge og vaksne i vidaregåande skule, i offentleg og privat sektor, mykje grunna Fris «Rosa kompetanse» og liknande.
Ikkje grunnlag for «hjernekjønn»
Bjørgvin-biskop Halvor Nordhaug seier at eit opprop kan gjera det verre for dei som har det vanskeleg. Men vi er nettopp einige med Nordhaug i at sårbare barn og unge har krav på respekt og fagetisk forsvarleg hjelp. Det motsette skjer nå; påverknad gjennom skule og barnehage så vel som sosiale media medfører auka risiko for at barn og unge vert oppmoda til å sjå irreversibel medisinsk behandling som løysinga på sine opplevde vanskar.
Biskop Nordhaug hevdar at det finst mange variantar av biologisk kjønn. Dette er ein påstand utan støtte i fagfellevurdert forsking. Variasjonar i kjønn, som interkjønntilstandar/DSD, viser nettopp forstyrringar i kjønnsutvikling hos mennesket som biologisk binær art. Det er heller ikkje korrekt at eit «hjernekjønn» kan forklara transidentifikasjon, og nokon genetisk modell gjev heller ikkje forklaring (Theisen, J. et al. 2019; Eliot, L. et al. 2021). Kjønnsidentitetsideologi hevdar uansett at biologi ikkje gjeld, då er det ulogisk å visa til gen eller hjernebiologi i denne samanhengen.
Dette er eit demokratisk problem, og ein trugsel mot kvinners og barns rettar
Drøfting og fulle referansar kan ein mellom anna finna i ein klage på Store norske leksikon, forfatta fordi nettleksikonet frontar pseudovitskap og det vi meiner er propaganda på området kjønn, utan støtte i oppdatert, fagfellevurdert forsking.
Nyare studier (Littman, 2018, 2021) viser at mange unge vil koma ut som lesbiske, homofile eller bifile etter gjennomlevd pubertet, viss dei ikkje vert sette på pubertetsblokkerar. Ekstra tragisk blir det om det einaste lovlege behandlingsalternativet i tida framover, vert å ukritisk bekrefta barnet/den unge sin kjønnsdysfori. Kombinasjonen av retningslinja for behandling av kjønnsinkongruens som ukritisk fremmer «bekreftingsmodellen», og presset for å hasteinnføra lovforbod mot konverteringsterapi, risikerer å skada unge menneske, og kriminalisera foreldra deira.
Eit demokratisk problem
Media må ikkje vera ukritiske mikrofonstativ for kjønnsidentitetsideologi, slik NRK er. Minerva har vist veg her. Foreininga Fri er eit multimillionars-konglomerat finansiert av det offentlege, for å endra samfunnet si forståing av kjønn, utanfor politisk og demokratisk kontroll.
Fri får i tillegg midlar frå privat sektor – Ikea har i fleire år selt produkt til inntekt for Fri, og donerte 670.000 til organisasjonen, berre i 2020. Fri har nå byrja sertifisering av offentlege og private verksemder, for offentlege midlar i tillegg til at private må betala ekstra. Det var især avsløringane om slik verksemd som fekk systerorganisasjonen i England, Stonewall, til å mista sitt hegemoni. Offentlegheita bør sjå til kva som skjer i England. Skulane der får ikkje lenger bruka eksterne aktørar eller materiale som hevdar barn kan vera fødde i feil kropp.
Vi kan ikkje ha ein stat i staten som gjennom eit stort tal fulltidstilsette for offentlege midlar, lobbyerer på alle nivå, ikkje minst innan lovarbeid, for at ein spesifikk ideologi skal erstatta vitskap. Dette er eit demokratisk problem, og ein trugsel mot kvinners og barns rettar.