Tverrfaglig bekymring for forståelsen av kjønnsidentitet

Foto: Christian Erfurt fra Unsplash
Foto: Christian Erfurt fra Unsplash

At kjønnsdysfori blant unge øker så kraftig i dag, må sees i samanheng med at begrep som kjønnsidentitet har fått en ikke-vitenskapelig total forståelse der komplekse årsakssammenhenger blir tilslørte. Det skriver Marit Johanne Bruset er spesialist i klinisk psykologi, Kamilla Aslaksen, Høgskolen i Innlandet, Marianne Brattgjerd, Nord Universitet, Anne Kalvig, Universitetet i Stavanger og Pål Surén, Folkehelseinstituttet. I denne tverrfaglige artikkelen tar de opp viktige spørsmål knyttet til transtematikken.

 

«Kjønnsidentitet» er i vinden som aldri før. Det er blitt framført som grunnlag for dei mest radikale endringane i norsk samfunn og lovverk i moderne tid. Begrepet er utgangspunkt for nytt lovverk om kjønn, for handtering av sjukdom og liding, for oppfatning av samtykkekompetanse hos barn, for endring av læreplanar i skolen og rammeplan for barnehagen, for kven som har vern mot hatytringar og for kven som får offentleg støtte til organisasjonsarbeid.

Me viser at forsking kring barns utvikling og kjønnsdysfori ikkje tilseier at kjønnsidentitet bør få den nykkelrolla det får.

Kjønnsidentitet og tydingane det blir tillagt, er kort og godt fundamentalt for kva som skjer og har skjedd i Norge det siste tiåret kva gjeld røyndomsoppfatning og korleis me forholder oss til røyndommen. Med tverrfaglege perspektiv gjennomgår og problematiserer me i denne teksten kunnskapsgrunnlaget knyta til kjønnsidentitet.

Me viser at forsking kring barns utvikling og kjønnsdysfori ikkje tilseier at kjønnsidentitet bør få den nykkelrolla det får, med dagens både forenkla og altomfattande forståing omfamna frå fleire hald.

 

Eit begrep med ulike tydingar

Kjønnsidentitet som begrep blei lansert på 1950-talet av sexologen John Money, for å skildra indre og subjektiv oppleving av «gender», altså sosialt kjønn. Han utvikla begrepet gjennom sitt arbeid med kjønnsoperasjonar på barn med uklare kjønnskarakteristika. Hans mest kjende eksperiment enda tragisk med sjølvmord.

Dessverre har fagfolk med ideologisk slagside, inkludert sexologar og legar med spesialisering i sexologi, hatt stor definisjonsmakt på området.

Slik «kjønnsidentitet» er blitt brukt av aktivistar i og utanfor fagmiljø (som sexologi) over tid nå, er tydinga endra til «den du eigentleg er», eit «sjelekjønn» uløyseleg knyta til sjølve menneskeverdet.

I vekselspel med politisk-ideologiske prosessar, er ordet tatt inn av overnasjonale organ som Verdas helseorganisasjon, WHO, og FN.

 

Barn og unge i utviklingspsykologien

Psykologien – faget som har utvikla kunnskap om det som skjer på det kognitive og emosjonelle planet – har slett ikkje ei slik forenkla og samstundes grenselaus forståing av kjønnsidentitet. I utviklingspsykologisk forståing gjennomgår spedbarnet/barnet stadia i utvikling av objekt- og personkonstans. Det betyr at barnet forstår at objekt og personar eksisterer sjølv om dei er ute av syne. Dette er ein føresetnad for at det blir utvikla meir komplekse, kognitive skjema og for utvikling av hukommelse.

Utvikling av kjønnskonstans (gender constancy) skjer i 3 stadia, frå fødsel til om lag 7 år, ifølgje utviklingspsykologiske teoretikarar som Piaget, Kohlberg og Maccoby:

  1. identifisering av eige og andre sitt kjønn; dvs. grunnleggande erfaring av å oppfatta biologisk kjønn
  2. etablering av oppfatninga av kjønn som noko stabilt og permanent
  3. etablering av kjønnskonstans; dvs. at kjønn er ein fast karakteristikk som ikkje blir endra av overflatiske transformasjonar via utsjånad eller aktivitet/rolleåtferd.

Den utviklingspsykologiske kunnskapen viser at ein ikkje er fødd med ei oppfatning av kjønn, som på mystisk vis skulle vera ferdig etablert på fosterstadiet – spedbarnet har verken kunnskap eller erfaring til å ha ein slik «identitet». Utviklingspsykologiske perspektiv blir mellom anna nytta for å visa kva skade transaktivisme påfører barn (Kenny 2020).

 

Ideologisk slagside

Sexologar var sentrale i gruppa som stod bak rapporten «Rett til rett kjønn – helse til alle kjønn» (2015). Fagpersonar med bakgrunn i utviklingspsykologi var utelatne. Denne rapporten la grunnlaget for Lov om endring av juridisk kjønn (2016) og dei nasjonale retningslinjene for behandling av kjønnsinkongruens (2020). FHI var og er sterkt kritiske til desse retningslinjene, då dei bryt med fagleg-etiske retningslinjer for medisinsk behandling og bygger på eit sviktande kunnskapsgrunnlag.

Dessverre har fagfolk med ideologisk slagside, inkludert sexologar og legar med spesialisering i sexologi, hatt stor definisjonsmakt på området. Sexolog og helsesjukepleiarar Ingunn Wik ved Helsestasjon for kjønn og seksualitet framheld at «kjønnsidentitet» skal «tas opp allerede fra toårsalderen», der naturleg utvikling må «fremmes»: «helsesøstre [bør] utforske forskjellen mellom opplevd kjønn og forventninger om kjønnsroller».

Dette kan oppfattast som ei problemorientert og intervenerande tilnærming til barns naturlege, varierte veremåtar, der ein ser etter kjønnsinkongruens basert i stereotype kjønnsrolleoppfatningar. NRK følgjer opp med fleirfaldige reportasjar der særleg unge jenter står fram og fortel at dei ikkje er jenter, for dei likte guteleikar og -klede då dei var småe, eller dei ønsker som «ikkje-binære» at staten skal betala brystfjerning for dei.

 

Hjerneforsking, funn og tolkingar

Fleire transaktivistar hevdar at transpersonars hjernar liknar hjernen til kjønnet dei ønsker å vera. Men hjernemorfologi viser ikkje tydelege kjønnsskilnader. Ein kan finna biologiske mønster for ulike psykiske og fysiske sjukdomstilstandar, endåtil for ulike yrke, fordi desse stimulerer eller understimulerer visse delar av hjernen.

 

Studiar som har vore tolka som å visa at transidentifiserte har hjerneendringar i retning av det ønska kjønnet, har vist seg å vera feilaktige då dei i staden viste samband til homoseksualitet. Ein stor metaanalyse av 30 års hjerneskanningsforsking, L. Eliot et al. (2021), viser at ein ikkje kan finna pålitelege, kjønna markørar for hjernar, bortsett frå storleik. Personar med kjønnsdysfori har hjernestorleik i samsvar med deira biologiske kjønn.

I ein stor studie frå 2021 fann S. C. Mueller et al. at «transkjønna» hjernar kan ha små skilnader frå normalpopulasjonen. Kva som er årsak og verknad er uklart, og endringane er ikkje i retning av det ønska kjønnet. Longitudinelle studiar av barn med kjønnsdysfori viser også at fleirtalet av dei veks det av seg før vaksen alder. Har dei påståtte biologiske føringane i hjernane deira forsvunne då?

 

Psykiske lidingar og kjønnsdysfori

Det er høg førekomst av psykiske lidingar og nevroutviklingsforstyrringar (særleg autisme og ADHD) hos personar med kjønnsdysfori. Dette er hovudsakleg kartlagt gjennom tverrsnittsstudiarData frå Finland indikerer høge nivå av psykiske plager også i barndommen for dei som har kjønnsdysfori, også før dysforien inntrer.

Når det gjeld nevroutviklingsforstyrringar, debuterer desse tidleg i utviklinga, før skulealder. Dei kan såleis ikkje vera resultat av kjønnsdysfori. Ein studie frå 2020 finn at barn med kjønnsdysfori opplever høgare førekomstar av familietap, -traume og omsorgssvikt.

Sjølvmord/-forsøk/-tankar har forhøga førekomst hos dei med kjønnsdysfori, men ligg på linje med førekomsten ved tilstandar som ofte opptrer saman med kjønnsdysfori, som angst, depresjon og autisme.

Kjønnsdysfori kan også vera utløyst av ytre forhold som homofobimobbing og sosial eksklusjonLisa Littmans studiar viser at påverknad frå internett og sosiale media kan bidra til å utløysa kjønnsdysfori hos tenåringar (jfr. begrepet «rapid onset gender dysphoria» lansert av Littman i 2018). Alt dette blir underordna når ein «essensiell kjønnsidentitet» blir totalforklaringa.

 

Samfunnet sitt kjønnsproblem

At kjønnsdysfori blant unge aukar så kraftig i dag, må sjåast i samanheng med at begrep som kjønnsidentitet har fått uvitskapleg og total tyding. Komplekse årsakssamanhengar blir tilslørte. Kjønn er redusert/opphøga til noko metafysisk det ikkje er kunnskapsgrunnlag for, samstundes som slike forståingar gjer meiningsfull samtale vanskeleg.

 

Som identitet generelt, er utvikling av kjønnsidentitet resultatet av ein kompleks prosess som involverer gen, gonadhormon, kognisjon, språk, sosioemosjonell utvikling, barnet si sosialiseringshistorie, samt kulturell kontekst. Kjønnsidentitet er ikkje ein essens inni oss, i så fall skulle alle ulike delar av identiteten vår vera tilsvarande frittståande «essensar».

Ungdom identifiserer seg altså nå ikkje bare som det motsette kjønnet, men som inkje kjønn, som «ikkje-binære». Men deira psykiske helse blir ofte ikkje betre av det, og dei fysiske følgjene av å medikalisera friske kroppar for å «endra» kjønn, er alvorlege.

Transaktivisme framheld at endring av kropp og kjønnskategoriar er frigjering, der kvinnerørsla framheld endring av kjønnsmakt, kjønnstereotypar og trange kjønnsroller. Informert samtale om dette alvorlege problemkomplekset må ikkje stoppast av «kjønnsidentitet» som tyder alt og ingenting.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter

Foto fra Vecteezy

Toyota trekker støtte til pride-parader

Toyota gir efter for anti-woke-mobben, skriver Pink News. For politisert Det er Document.no som omtaler saker, og Document.no skriver: Bilprodusenten har kunngjort at de i USA