Forskarar markerer 50-årsdagen for avkriminaliseringa av homofili med fagseminar om kristne skular

Foto: Antenna fra Unsplash
Foto: Antenna fra Unsplash

Denne veka vert det markert på ei rekke måtar at det er 50 år sidan Stortinget avkriminaliserte seksuelle handlingar mellom menn. Åremålsdagen er torsdag 21. april.

I samband med dette inviterer ei rekke forskarar til fagseminar ved Universitetet i Oslo:

«Religionsfrihet for hvem? Religionsfrihet, skeive i friskoler og vern mot diskriminering».

Det vert følgd opp med panelsamtale på Litteraturhuset på kvelden. Det skriv avisen Dagen.

Konflikt mellom interesser

I ei pressemelding viser innbydarane til at sjølv om homofili vart avkriminalisert, så får livssynsbaserte friskular «forskjellsbehandle skeive ved ansettelse og fremme et livssyn der homofilt samliv blir forstått som synd».

Fleire av innbydarane er tidlegare tilsette ved NLA Høgskolen. Professor Line Alice Ytrehus har vore mellom dei tydelegaste interne kritikarane til verdidokumentet ved institusjonen. Det slår fast at ekteskapet mellom mann og kvinne er «forstått som bærende norm i samlivsetikken i den tradisjonen NLA Høgskolen står i».

Ytrehus, som no er tilsett ved Høgskulen på Vestlandet, var onsdag ikkje tilgjengeleg for intervju, men viste til pressemeldinga med invitasjon til fagseminaret.

Dei andre innbydarane er professor Jorunn Økland ved Senter for tverrfaglig kjønnsforskning, Halvor Moxnes frå Universitetet i Oslo, Kåre Berge frå Universitetet i Oslo og og Gunn Vedøy frå VID vitenskapelig høyskole.

Berge og Vedøy var tidlegare tilsette ved NLA Høgskolen.

Fagseminar om kristne skular

Tre spørsmål er fomulert som utgangspunkt for seminaret torsdag 21. april:

«Hvordan veies religionsfrihet for livssynsbaserte utdanningsinstitusjoner opp mot trygge og gode læringsmiljø for seksuelle minoriteter i de samme utdanningsinstitusjonene?»

«Bør myndighetene stille andre krav til livssynsbaserte utdanningsinstitusjoner enn til trossamfunn?»

«Hvor går grensene for hva vi bør akseptere når religiøse og seksuelle minoriteters interesser og behov er uforenlige?».

Bidragsytere er Jorunn Økland, Halvor Moxnes, Gunn Vedøy, Vibeke Blaker Strand, Solveig Østrem og Lars Laird Iversen.

Torsdag kveld er det panelsamtale på Litteraturhuset med følgende deltakere: Kåre Berge, Gunn Vedøy, Halvor Moxnes, Jan-Erik Sundby fra Kristne Friskolers Forbund, Jonas Yassin Iversen, fra Skeivt kristent nettverk, likestillings- og diskrimineringsombud og Bjørn Erik Thon.

 

Reknar med spenningar

– Kjønn, legning og samliv er tema både på skuleleiarkonferansar og kurs. Dette er spørsmål som reiser seg i skulekvardagen, seier Gjermund Viste til Dagen.

Han er rektor ved Tryggheim vidaregåande skule på Nærbø i Rogaland. Skulen er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband.

Viste understrekar at alle elevar skal bli møtte med respekt, uavhengig av om dei deler trua og verdiane til skulen eller ikkje. Samstundes meiner han det ikkje er til å unngå at det vil oppstå spenningar.

– Det same kan kristne elevar oppleve i den offentlege skulen. Vi ønskjer å vere rollemodellar for korleis ein kan møte usemje seinare, i utdanning og arbeidsliv, seier Viste.

Respekt for alle

Rektoren meiner det er viktig at skulen er open om verdigrunnlag, visjonsdokument og pedagogisk plattform – og at elevar og foreldre såleis kan vite kva dei går til.

– Kva kan ein elev som ikkje opplever seg som heterofil, vente på ein skule som Tryggheim?

– Det er ikkje alltid det blir gjort kjent at elevar har det slik, men vi føreheld oss til ein klasse som om det er tilfelle hos oss. Vi skal kunne undervise også om vanskelege tema uavhengig av korleis klassen er samansett, seier Viste.

Han understrekar at skulehelseteneste og andre samtaletilbod er tilgjengelege for elevar som har behov for det.

I undervisning om seksualitet og kjønn meiner han idealet må vere noko av det same som ein har i religion: Til dømes ein katolikk eller ein muslim skal kunne oppleve at deira eiga tru blir presentert på ein sakssvarande måte.

– Læraren skal formidle med respekt både for dei som deler hans syn og dei som ikkje gjer det, på ein klok måte, seier Viste.

Åtvarar mot svekt trusfridom

I invitasjonen til fagseminaret om friskular og skeive elevar oppfattar han ei utfordring mot å kunne ha verdigrunnlaget som Tryggheim har.

– Vi er godkjende som ein kristen friskule og ønskjer å formidle på ein positiv måte kva som er Guds siktemål med skaparverket, også det gode samlivet mellom mann og kvinne.

Rektoren reagerer på det han oppfattar som ei problematisering av trusfridomen.

– Vi kan ikkje fjerne religionsfridomen for friskulane sjølv om nokre elevar er ueinige i eller ikkje kjenner seg vel med verdigrunnlaget.

Den må stå fast. Eg ser at undervisninga om desse emna kan bryte med nokre kjensler, men det vil vi aldri kunne unngå i eit fritt og demokratisk samfunn med religionsfridom. Vi har tru på at det kan vere godt skulemiljø sjølv for dei som ikkje deler verdigrunnlaget, seier Viste.

Samstundes understrekar han at det skal vere rom for usemje.

– Vi heiar på dei som stiller spørsmål, også dei som bryt med synet til skulen. Og vi held fast på at kvar elev er skapt av Gud og høgt elska, likeverdige og uendeleg verdifulle.

Veksande utfordring

Norsk Luthersk Misjonssamband er den største kristne skuleeigaren i Noreg. Organisasjonen driv både grunnskular, vidaregåande skular og høgskular åleine og saman med andre.

Informasjonsleiar Espen Ottosen ser invitasjonen til fagseminaret som eit døme på ei utfordring som stadig aukar i styrke:

– Eit nei til homoseksuelt samliv vert framstilt som ei nedvurdering av menneske som kaller seg skeive eller ikkje omtalar seg som heterofile. Det vil jo kristne rett og slett vere usamde i, seier Ottosen.

Parkert debatt

Han har delteke i den offentlege debatten om seksualitet og samliv i over 20 år.

– Der ein for 20-30 år sidan diskuterte ganske livleg om det gjekk an å skilje mellom legning og praksis, er denne debatten no parkert. Mitt inntrykk er at aktivistar på motsett fløy prøver å kuppe språket. Ein vil tvinge gjennom som ei sjølvfølgje at det å vere homofil betyr å leve i eit homofilt forhold.

– Kva konsekvensar meiner du dette bør få for kristne skular?

– Kristne skular bør frimodig tenkje og praktisere at det går an å møte homofile eller skeive eller kva menneske no kallar seg, med stor respekt, stor medmenneskelegheit og stor kjærleik, utan at det føreset at ein går på akkord med ei kristen forståing av samliv.

– Men er det blitt vanskelegare å vere tydeleg og open på same tid?

– Det er heilt tydeleg at gruppa som står bak dette fagseminaret, ønskjer at det skal bli vanskelegare.

Lågare terskel

Ottosen meiner det er ein trend at terskelen for å kjenne seg krenkt, er blitt lågare.

– Det er lett å førestille seg at nokre elevar i framtida vil seie at det er ei krenking å bli møtt av eit tradisjonelt syn på samlivsetikk. Men eg tenkjer at kristne aktørar eigentleg ikkje har noko val: Vi må jobbe knallhardt for å vere sanninga tru i kjærleik. Og det trur eg kan lykkast.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter