Transperskvinner får delta i kvinneklassen i triatlon

Foto: Simon Connellan fra Unsplash
Foto: Simon Connellan fra Unsplash

Det er vanskeleg å godta, seier den norske landslagsutøvaren Lotte Miller til NRK.

Det internasjonale triatlonforbundet (ITU) opplyste nyleg at dei vil tillate transpersonar å konkurrere i kvinneklassar, frå og med 2. september. Det skriv NRK.

Det får det norske triatlonmiljøet til å reagere.

– Det kom som eit sjokk på oss. Eg er mest oppteken av rettferd overfor damene, og eg har vanskeleg å sjå føre meg at det blir hundre prosent riktig og rettferdig konkurranse, seier sportssjef i Norges Triatlonforbund, Arild Tveiten, til NRK.

Han held fram:

– Jentene på laget har ei klar oppfatning om at det kan opne for urettferdige konkurransar og at det kan gå utover dei.

Den påstanden blir stadfesta av Miller, som meiner heile situasjonen er vanskeleg.

– Det er det at vi alle skal konkurrere på like vilkår. Eg respekterer alle menneske, men eg respekterer også konkurrentane mine og idretten eg er ein del av. Vi fortener at alle står på lik linje på startstreken, seier ho.

Sende brev

Vedtaket, som 15 av 17 medlemmer i Det internasjonale forbundet stemde for, har vorte møtt med motstand frå fleire hald.

Det britiske triatlonforbundet, med ITUs visepresident Ian Howard i spissen, var éin av to som var usamd i avgjerda om å opne for transpersonar.

Saman med Howard, stemde også president for utøvarkomiteen, Tamas Toth, imot forslaget.

Dei to meiner at avgjerda har fått dårleg respons frå fleire utøvarar. Sportssjef Tveiten hevdar også at fleire utøvarar er imot vedtaket.

– Alle internasjonale utøvarar har gitt uttrykk for at dei ikkje synest at det er rett veg å gå, seier sportssjef Tveiten.

Misnøya blant utøvarane vart brukt som argument då Det britiske triatlonforbundet sende ut eit brev til fleire forbund – som også Noreg fekk.

– Dei var ikkje samde i prosessen. Dei meinte det var lytta for lite til utøvarane, seier Anette Brurås, president i Norges Triatlonforbund, til NRK.

– Kva stilling har de teke til det?

– Vi er avventande og vil løpande vurdere utviklinga rundt dette temaet. Det er viktig å ikkje ta nokon forhasta avgjersler rundt dette temaet. Det er komplekse problemstillingar, svarer ho.

Avgjersla inneber at transpersonar som vil konkurrere i kvinneklassen, må dokumentere eit testosteronnivå på under 2,5 nanomol per liter i ein periode på minst to år. I tillegg må det ha gått minst fire år sidan eit stemne i ein herre- eller guteklasse uansett idrett.

Ifølgje Helsebiblioteket.no er normalt testosteronnivå 0,4 til 2,0 nanomol per liter hos kvinner.

– Det er jo ein vanskeleg balanse mellom rettferd og inkludering. Triatlonforbundet er veldig oppteke av inkludering. Dei har like premiepengar, like distansar og så vidare. Derfor trur eg dei har falle ned på inkludering, seier Brurås.

 

– Overraska

Triatlonforbundet er eit av dei første forbunda som opnar for transpersonars deltaking i kvinneklassen.

Då vedtaket vart kjent uttalte ITU-president Marisol Casado at «dei prioriterer rettferdsprinsippet, men viser også at dei er inkluderande».

Tveiten meiner avgjerda er overraskande og prematurt, samtidig som han innrømmer at han har sett seg for lite inn i saka

– Eg må jo seie at eg er overraska over at det kom såpass fort i triatlon. Vi var eigentleg dei første. Vi har aldri opplevd denne diskusjonen på eit internasjonalt toppnivå før. Eg synest kanskje det er litt prematurt, seier sportssjefen før han held fram:

– Ein burde kanskje ha late nokre av dei andre forbunda, som har meir erfaring og fleire utøvarar, vere litt i forkant.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter