KrFs ledelse skal delta i Prideparade

Foto: Margaux Bellott fra Unsplash
Foto: Margaux Bellott fra Unsplash

Laurdag denne veka blir det arrangert regnbogetog i Oslo. Toget kjem etter at den vanlege Pride-paraden vart avlyst etter terroren i Oslo natt til 25. juni.

Statsminister Jonas Gahr Støre har alt sagt til VG at han kjem til å gå i dette toget. No seier KrF at dei vil stilla med ein representant frå partileiinga.

– KrF ønsker å stilla med partileiing. Me jobbar no med logistikken for å sjå kven frå partileiinga som kjem til markeringa i Oslo laurdag, seier pressesjef i KrF Tove Christine Welle Haugland til Vårt Land.

Partileiinga til KrF består av leiar Olaug Bollestad og nestleiar Dag-Inge Ulstein.

– Olaug Bollestad har signalisert i fleire omgangar at ho ønsker å stilla på solidaritetsmarkering. Me ønsker å visa solidaritet med dei ramma, seier Haugland.

Vårt Land

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter

Basilique Notre Dame de Montréal, Montréal, Canada

Når året 2024 blir et etisk argument

Stavanger bispedømme har bestemt at når bispedømmerådet møtes denne uken, skal det vedta å innføre en mangfoldserklæring i stillingsannonser. Kirkerådet og bispedømmene Oslo, Borg, Nidaros,