Rektor Bård Mæland ved VID vitenskapelige høgskole sa i sommar til Vårt Land at skulen skal jobba «dypere med egne holdninger og historie» til skeive.
Han beklaga at han har vore med i samanhengar som i praksis har «problematisert homofilt samliv og forsinket en teologisk og kirkelig anerkjennelse av skeive og deres kjærlighet».
Bård Mæland skriv i ein sms til Vårt Land at VID hadde stor deltaking på Pride i Stavanger førre laurdag, med mange leiarar, tilsette og studentar.
– Me prioriterte dette arrangementet i år. Sjølv var eg dessverre på Kyrkjenes Verdsråds generalforsamling i Karlsruhe, men hadde elles delteke i Stavanger, skriv Mæland.
Han er busett på Vestlandet og kjem ikkje til å vera i Oslo i helga.