At Arbeiderpartiet ikkje vil styra berre gjennom å legga til rette for borgarane, men har ein underliggande agenda om å ommøblera deira indre idemessige landskap, avslører seg rett som det er. No sist i med forslaget om innskjerpingar i forbodet mot såkalla «forkynning». Den som synest det er slitsamt med gateevangelistar, eller som opplever Jehovas Vitne i overkant pågåande, må jo berre konstatera at Ap verkar vel så ustoppelege for å få vekk det dei kallar «forkynning», men som ingen i grunnen heilt veit kva er. Med det nyleg presenterte utkastet til ny opplæringslov, vil regjeringa uansett heilt inn til familiens kjøkken- og stovebord for å passa på at opplæringa av eigne barn ikkje er forkynnande.
Regjeringa vil inn i heimen
Fredag i sist veke la kunnskapsministeren fram utkast til ny opplæringslov, der det vert tydeleg at regjeringa sin agg mot det ulne forkynningsomgrepet lever i beste velgåande. Trass i at ministeren sjølv tidlegare har vist at ho har problem med å forklara kva forkynning eigentleg er, er ho like fullt skråsikker på at det er noko som må bort. Og det er ikkje nok med å forby det på alle trinn i den offentlege skulen. No skal det diffuse forbodet faktisk også nå heilt inn i heimane, om ministeren får det som ho vil. Det ser ut som om vi har å gjera med ein stat som er blitt ivrig etter å utvida påverknadssfæren.
Det er nemleg ei urovekkande blanding av statleg kontrollbehov og offentleg uforstand som kjem til uttrykk i forslaget: «I praksis vil det ikkje være et like klart skille mellom hva som er opplæring og ikke når foreldre gir opplæring til egne barn», som det heiter i utkastet. Dei er altså klar over gråsoneproblematikken, men trass uklare omgrep og manglande forståing av korleis det skal praktiserast, går dei altså for forbod. Forstå det den som kan.
Som i forslaget om såkalla konverteringsterapi, står vi her overfor eit landskap med ulne omgrep, vage grenseoppgangar og uviss implementering/praktisering av forbodet. Alt dreg med andre ord i retning av at ein på dette området treng godt skjønn, gangsyn og respekt for fridomen til einskildmennesket. Visst er det komplisert og krevjande, men slik er no eingong samfunnet.
I staden vel altså Arbeiderpartiet forbodslinja. Er det noko som er sikkert om slike «forbod i gråsoner», er det at dei konsekvent tippar maktbalansen i disfavør av borgaren. Her er det staten som vinn terreng.
Trusfridomen er truga
Regjeringa si tilnærming vitnar om lite respekt og forståing for fridomen til eigne borgarar, og meir spesifikt, trusfridomen som ein menneskerett. Staten bør ha svært gode grunnar for å kryssa innbyggjarane sin dørterskel. Som historikar Timothy Snyder minner om, dreier det totalitære seg ikkje om statar som brått oppstår og med eitt blir allmektige. Det startar, seier Snyder, «når skiljet mellom ditt offentlege og private liv vert viska ut». Det er ei viktig påminning som dessverre vert aktualisert i lys av utkastet til ny opplæringslov.
Det må sjølvsagt vera lov å reagera på både dørseljarar og innpåslitne evangelistar om dei dukkar opp på dørmatta. Men desse kan i det minste stoppast på dørstokken. Om regjeringa får det som dei vil, skal ideane deira om formidling og forkynning bli med over terskelen der ei mor eller ein far lærer sine eigne barn opp i sin eigen heim. Om ikkje dette er eit bidrag til utvisking av eit sunt skilje mellom offentleg og privat liv, er det lite som kvalifiserer.
Sofie Braut