Leiar i FRI Rogaland, Karoline Skarstein, set fram påstandar om meg i eit innlegg om korfor de ikkje var aktuelt å delta på møte om kjønn på filosofi- og vitskapsfestivalen Wonderful World. Eg takkar for høvet til å utdjupa mine poeng, og for at Skarstein vidareformidla tekstar eg og andre tidlegare har skrive.
FRI-leiaren meiner eg er «ekstremt ytterliggående». Det er fordi eg viser kva transaktivisme og «skeiv teori» faktisk inneber. Då skal eg «tas», i staden for at dei problematiske sidene eg peiker på blir forklart og forsvart. Viss ein har argument, då. Det trur eg ikkje Skarstein har. Dette er nok grunnen til at «no debate» frå den skeive rørsla har fått rå grunnen så lenge. Eventuelt at ein heller skrik «merrhelvete» til kvinner som stiller spørsmål på Twitter, slik Kamilla Aslaksen på Wonderful World viste at Skarstein har gjort.
Trusførestillingar
Retten til å elska menneske av same kjønn forsvinn når kjønn er ein idé om kjensler og ikkje ein realitet. Lesbiske blir kalla dei forferdelegaste ting når dei avviser som partnarer menn med penis som seier dei er lesbiske. Lesbiske og homofile tar i aukande grad avstand frå den «skeive» rørsla og dannar eigne foreiningar for si sak. Eg skil såleis mellom «det skeive» og lesbisk og homofil kamp.
Korleis argumentera for at kjønn er lausrive frå kropp? At folk kan ha korrekt kjønna sjeler, basert på kjønnsstereotypar, men har fått utlevert feil kroppar? Det er dette som er kjønnsidentitetsideologi. Det finst ikkje vitskapleg eller medisinsk prov for dette. Det er trusførestillingar, tidlegare blei det behandla som vrangførestillingar. «Kvinneleg kjønnsidentitet» blir «definert» som «kjensla av å vera kvinne». Det er ein sirkeldefinisjon og såleis ubrukeleg, men blir likevel nytta i alt frå helsevesen til lovverk.
Folk har rett til å tru på sjelekjønn, utan vald og trugsmål om vald. Alle har rett til eit liv utan vald. Men andre har rett til ikkje å måtta ta del i desse trusførestillingane. Det er heller ikkje kvinnesakskvinner som utøver vald mot transidentifiserande personar, men kvinnesakskvinner blir slått ned av transaktivistar når me held fram at kvinner har kjønnsbaserte rettar.
Ukom og fleire andre lands helsestyresmakter har omsider slått fast at behandling på «transhelse»-feltet er utan tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag. Det er ein skandale, for ein har medisinert og operert på unge, sårbare menneske i fleire tiår. Dei har ikkje fått betre psykisk helse. Stadig fleire feilbehandla personar som blei fortalde at dei hadde fått tildelt feil kropp står fram, nå med helseskadar, vekkopererte kroppsdelar og sterilitet. Folk som opplever psykisk vanhelse og fortviling i høve kjønn, har krav på hjelp og støtte. Men å lyga til unge om at dei kan skifta kjønn, når kjønn faktisk er uskifteleg, er ikkje rett. FRI vil ikkje snakka om dette.
«Kjønnsmangfaldet»
Kvinners hardt tilkjempa vern mot kjønnsdiskriminering forsvinn når kategorien kvinne rett og slett betyr mann, som i norsk lovverk. Dette er diskriminering. Me er verken ein parykk eller ein idé. Menn som meiner dei er kvinner nokre dagar i veka, som Benestad, krev at alle tar del i trua/transvestismen. Men i eit samfunn med trusfridom burde ein ikkje kunna krevja tilslutning til tru eller innpass i rom og rettar som høyrer til kvinner. Men dette skjer, verda over. Kvinneidretten blir såleis tatt over av menn, sexforbrytarar sonar med kvinner og skadar dei, menn tar kvinners prisar, stipend, verv, jobbar og andre ordningar, kvinner og jenter mistar retten til trygge toalett og garderobar. FRI krev at offentlege tilskott til idrett skal vera avhengig av at gutar kan få spela på jentelag viss dei føler for det. Å protestera mot dette er ikkje ekstremistisk.
Skarstein blir fornærma fordi eg trekk fram fetisjar og pedofili. Dei som les tekstane me har skrive som det er lenka til i innlegget til Skarstein, vil forstå korfor me må snakka om dette. Det er den skeive rørsla som er opptatt av fetisjar, og at desse skal ha minoritetsvern, FRI skriv det sjølv.
Store namn innan «skeiv teori» har forsvart «sex» mellom barn og vaksne, det er fakta. Grimme fakta som det ikkje blir tatt eit oppgjer med. Skeiv og «normbrytande» seksualisering av barn er også fakta. BDSM blir promotert til barn, Skeiv ungdom promoterer prostitusjon som «kjøp, salg og bytte av sex», «Uke 6»-materialet (Sex og Politikk, avdeling av Planned Parenthood) held fram at «sex» mellom vaksen og 13-åring ikkje naudsynleg er ulovleg. Drag for barn, eventyrlesing for barn av menn i drag (og drag er for kvinner det blackface er for svarte) blir framstilt som «mangfald».
FRI vil avkriminalisera sexkjøp (til liks med Amnesty og Planned Parenthood). Dei kallar prostitusjon sexarbeid og vil at det skal ha «minoritetsvern». Surrogati skal bli tillate. FRI eig og tener pengar på Pride, og forventar tilslutning til sin ideologi ved deltaking. Dei får årleg titals millionar i statlege overføringar for å laga opplæringsprogram. Hugs det når du går i tog!
WPATH, den globale «transhelse»-organisasjonen som Benestad og Helsestasjon for kjønn og seksualitet promoterer som «gullstandard», lar eit pedofilt og sadistisk nettforum vera «kunnskapskjelde» til påstanden om evnukk som eige «kjønn» (SOC 8, kap. 9). Dette har Benestad fronta i tiår, ikkje minst på NRK. I det grenselause, skeive prosjektet er nokre menns fetisj for å skjæra av seg testiklar, eventuelt også penis, og fantasiar om å gjera det same med gutebarn, gjeve særskilt vern. Offentleg helsevesen skal legga til rette for dette, skriv WPATH.
I desse dagar står ein tidlegare Fri-fylkesleiar, Marius Gustavson, tiltalt i London for å ha kastrert menn framfor kamera og fått betaling frå sjåarar. Dette er «kjønnsmangfaldet».
Der er ikkje mykje likt mellom ei ung, kanskje autistisk eller lesbisk jente som hatar kroppen sin og vil få skåre vekk brysta, og ein mann som tenner på ideen om å vera eit «hol med tomme auge». Det er kva ei kvinne er, held den transidentifiserande mannen og Pulitzer-prisvinnaren Andrea L. Chu fram. Ei sak sameinar dei: Seksualisert vald og porno. Jenter som er vettskremde av valden dei har sett i porno, dissosierer seg frå eigen kvinnekropp, og menn som Chu som nyt porno, seier pornoen gjorde dei til «trans». Til liks med Sandra Moen, som dessutan har utvikla eit dataspel om å drepa «kjønnsfascister» med motorsag.
Ideane om menneska som ikkje lenger knytte til kroppen og biosfæren, men som lausrivne sinn med makt over sjølve livet, er transhumanismens mål som blenkar i det fjerne. Det er mykje pengar i desse idestrøymingane, som når friske kroppar blir livslange pasientar. Eg skjønner korfor FRI fokuserer på å rulla ut desse ideane i skolen i staden for å debattera dei i offentlegheita.
Anne Kalvig
Professor i religionsvitskap, UiS
Innlegget ble først publisert i Stavanger Aftenblad, og er gjengitt med forfatterens velvilje
- Dette er et svar til Karoline Skarsteins debattinnlegg: «Du inviterte aldri til debatt, Jan Inge».
- Skarsteins innlegg var eit svar til Jan Inge Reilstads innlegg: «Kjønnsdebatt uten skjønn – en siste invitasjon til FRI Rogaland».