Bergen får likevel måla regnbogegangfelt

Foto: Alex Jackman fra Unsplash
Foto: Alex Jackman fra Unsplash

Det fortel fylkesordførar i Vestland Jon Askeland (Sp). Han seier at det no er brei politisk einigheit om at Bergen kan «måla i veg» på fotgjengarovergangane på fylkesvegane ved Kim Frieles plass.

– Me vil jo spela på lag med Bergen, seier han. Nyleg sa samferdsleutvalet i fylket nei til å måla overgangane med regnbogefargar. Men no har Høgre og Senterpartiet snudd.

– Det utvalet blei utfordra på, gjekk berre på trafikktryggleik, og så er det ein langt, langt høgare himmel over det heile. Det er starten på Regnbogedagene i dag. Det handlar i sin natur sjølvsagt om å heidra Kim Friele og den kampen ho har stått i. Då må du avvega desse to omsyna, seier Askeland fredag morgon.

Formelt sett skal overgangsfelta opp i møtet i fylkesutvalet 6. juni, men ifølgje Askeland kan Bergen kommune allereie no «måla i veg». Han viser vidare til at når det gjeld forholda rundt trafikktryggleiken, så ser fylket på tiltaket som ein prøveprosjekt.

NRK

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter

Foto: James A Molnar fra Unsplash

Fri’s nye politisk plattform

Organisasjonen Fri vedtok nylig sin nye politiske plattform. Den er svært omfattende, men bør leses ettersom Fri har stor innflytelse på den politiske utviklingen knyttet