Canada forbyr konverteringsterapi

Foto: Hermes Rivera fra Unsplash
Foto: Hermes Rivera fra Unsplash

Underhuset i Canadas nasjonalforsamling har einstemmig vedteke å forby konverteringsterapi,

Dermed står det berre att ei godkjenning frå Senatet, der det truleg òg er stor støtte til lovforslaget.

Konverteringsterapi er behandlingar med mål om å endre ein persons seksuelle orientering eller kjønnsidentitet.

Lovforslaget omfattar òg forbod mot å tvinge mindreårige til å gå med på konverteringsterapi og forbod mot å sende mindreårige til utlandet for å gjennomgå terapi der.

Å utsetje andre for konverteringsterapi kan ifølgje lovforslaget straffast med opptil fem års fengsel.

 

Vårt Land

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter