Flere topper i KrFU vil forby tilsettingsnekt på grunnlag av samlivsform

Nyheter
Foto: Branden Harvey fra Unsplash
KrFU-toppar vil forby tilsettings-nekt av homofilt samlevande
Nikab på skulen og kor vidt friskular skal ha lov til droppe å tilsette homofilt samlevande, er blant stridstemaa som kjem opp på KrFUs landsmøte til helga. Det skriver avisen Dagen.

Dagen skriver at

eit stort mindretal i landsstyret i KrFU vil at «friskulane ikkje skal kunne diskriminere søkarar ved utlysing av stillingar».

– Dette blir ein spennande debatt på landsmøtet vårt, seier KrFU-leiar Martine Tønnessen.

Landsstyret har levert eit negativt innstilt endringsforslag til utdanningsmanifestet som ungdomspartiet skal handsame under landsmøtet på Gardermoen til helga.

Mindretalet i landsstyret vil endre det som står i sjølve manifestutkastet om at «friskulane må framleis sikrast retten til å tilsetje personale som står inne for den einskilde skulen sin eigenart».

Å hindre samlivsspørsmål

På spørsmål om forslaget er å forstå som at friskular ikkje skal få bruke samlivsform som argument ved tilsetting, svarar nestleiar Edel-Marie Haukland slik:

– Det vil eg tru er intensjonen.

KrFU-leiar Martine Tønnessen seier det var ein jamn og stor debatt i landsstyret om saka på eit møte i juni.

– Argumenta for går på at ein ikkje skal diskriminere nokon, og i praksis vil det du skisserer der vere noko som det då eventuelt ikkje vil vere ope for, seier ho.

– Støttar du endringsforslaget?

Eg meiner at dagens regelverk fungerer bra, og er derfor mot forslaget. Det er viktig at trusfridomen til desse skulane blir teken hand om, og då meiner eg at skulane sjølve skal få bestemme over dette, men innanfor dei lovane og reglane vi har i dag, seier Tønnessen, som gir seg som leiar til helga.

– Mangfald er viktig

Haukland er innstilt som ny leiar. Ho ser på dette som ei veldig vanskeleg sak.

Tidlegare har ho utfordra Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) på å vere medviten om at dei har mange elevar på sine friskular som ikkje har NLM-bakgrunn.

– Eg har sjølv sett på kristne friskular at mangfald i lærarstaben og blant dei andre tilsette er viktig for at dei unge skal ha nokon å snakke med og kjennes eg att i, ha nokre gode forbilde, nokon dei ser litt av seg sjølve i. Men eg meiner det må vere mogleg å tilsette folk som er samde i verdigrunnlaget til skulen, seier Haukland.

Sentralstyremedlem Karine Skoglund og fylkesleiar Simen Bondevik i Viken KrFU er blant dei som meiner friskulane ikkje bør få ta omsyn til kor vidt tilsette lever i kjønnsnøytrale ekteskap.

– Eg meiner at friskular ikkje skal diskriminere tilsette på grunnlag av kven dei er gift med. Vi må heller sjå på det som eit mangfald, seier Skoglund.

– Kva m trusfridomen for kristne friskular som meiner at det å leve i kjønnsnøytrale ekteskap er synd?

– Ein må sjå litt forbi det, sjå på menneske som menneske og ikkje diskriminere basert på samlivsform. Det blir feil å skulle kunne grunngje ei slik avgjersle med religion, seier ho.

Simen Bondevik ser det som ein vanskeleg debatt med fleire omsyn som må bli vegd opp mot kvarandre.

– Utgangspunktet mitt er at ein ikkje skal bli nekta ein jobb på bakgrunn av kven ein elskar. Å kjempe mot diskriminering av homofile er såpass viktig at eg tenker det må bli forbode å diskriminere ved tilsettingar, sjølv om det er ubehageleg å gå på tvers av trusfridomen som er viktig for samfunnet vårt, seier han.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter

Foto: wirestock fra Freepik

Maria Arredondo sang på regnbuemesse

I sommer var artisten Maria Arredondo Sødal i en opprivende samlivsdebatt i Frikirken. På søndag sang hun på en regnbuemesse i Kristiansand domkirke. I juni

Foto fra Vecteezy

Regnbuemesse i Tromsø domkirke

Pride har inntatt Den norske kirke med full kraft. Senest ute er Arctic Pride, som feires i Tromsø. Programmet er omfattende, som blant annet «Pride

Basilique Notre Dame de Montréal, Montréal, Canada

Når året 2024 blir et etisk argument

Stavanger bispedømme har bestemt at når bispedømmerådet møtes denne uken, skal det vedta å innføre en mangfoldserklæring i stillingsannonser. Kirkerådet og bispedømmene Oslo, Borg, Nidaros,

Foto fra Vecteezy

Krever ledelsen i Hamar frikirke for mye?

Eldsterådsmedlem fikk ikke reservere seg mot å forkynne Frikirkens konservative samlivslære. Det får Frikirkens tidligere nestleder til å etterlyse tilsynssak. Det skriver Vårt Land. Vårt