Foreldre.net får ikke adgang til livssynsnøytrale lokaler

– Tema er korleis skulebøkene framstiller kjønn som noko dei kan velje og kan gjere – ikkje som noko dei er fødde med, seier foreininga Foreldre.net sin lokallagsleiar i Rogaland, Brynjar Østrem til avisa Dagen.

Med seg på bedehus-scena i Fredheim Arena 27. mai hadde han den mykje omtalte religionsprofessoren Anne Kalvig, som kom ut med boka «Kjønnstru» i fjor.

Ho snakka om rolla kjønnsidentitet har fått i lovverket.

– Kneblar ytringsfridommen

Før Østrem begynte foredragsturneen i Sør-Rogaland, hadde han planlagt å halde føredraga sine i livssynsnøytrale lokale.

Det viste seg å vera lettare sagt enn gjort.

Tidlegare i vår hadde han inngått leigeavtale med klubbhuset til Vigrestad idrettsklubb. Lokale foreldre protesterte då det blei kjent at Foreldre.net fekk leiga klubbhuset.

Det enda med at Østrem sjølv trekte seg frå leigeavtalen med idrettsklubben.

Sist veke blei det bråk igjen.

Vågen vidaregåande skule ville ikkje leia ut lokala sine til Foreldre.net på kveldstid. Likevel har Fri, ei foreining for kjønns- og seksualitetsmangfald, hatt eige opplegg med Vågen-elevane i skuletida.

– Ei knebling av ytringsfridommen, meinte Østrem i Aftenbladet.

Opplæringssjefen svarte slik på Østrems påstand:

«Jeg kan forstå at det kan se slik ut for dem som ikke får tilgang til våre lokale, men vi vurderer det slik at våre argumenter i denne saken er saklige. Vi mener at Foreldre.net må ytre seg et annet sted», sa han til Aftenbladet.

Vågen-rektor Gunhild Van Zanten Magnussen har tidlegare skrive i ein e-post til Østrem at Foreldre.net sine verdiar verkar å vere i strid med skulen si plikt til å vere open og inkluderande.

Ho skriv og at organisasjonen sitt føremål strider mot vedtekne læreplanar, noko Østrem nektar for.

– Får mykje støtte

Etter Stavanger Aftenblad omtalte saka har Østrem fått «mange telefonar og meldingar» frå folk med ulike livssyn og politisk tilknyting.

– Det er folk eg aldri har snakka med før, som er opprørt på grunn av det som skjedde i Sandnes nå. Nokon er sjokkerte over at kanselleringskulturen skjer her og ikkje berre i USA. Andre seier dei har fått stadfesta det dei allereie mistenkte.

– Kva er dei opprørt av?

– Ytringsklimaet. Ikkje alle har ikkje tatt stilling til kjønnnsidentitet, men dei meiner folk må få seia det dei meiner utan å bli behandla ulikt. Det er tydeleg at ytringsfridom engasjerer oss alle på tvers av bakgrunn, seier Østrem.

Ber om hjelp

Føredraget 27. mai er nest siste i rekkja av totalt fem Foreldre.net-føredrag i Rogaland denne våren. Av desse er det berre foredraget i Moi, som har vore i eit nøytralt lokale.

Til saman har over 1.000 rogalendingar fått med seg føredraga, ifølgje foreldre.net.

Etter veke 22 tek Østrem ein pause frå foredragsverksemda, fram til hausten, men han har ikkje gitt opp håpet om å finne livssynsnøytrale lokale til framtidige foredrag.

Devekkjande at ein skil mellom ulike organisasjonar, seier Bruns til Aftenbladet.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter

Foto: wirestock fra Freepik

Maria Arredondo sang på regnbuemesse

I sommer var artisten Maria Arredondo Sødal i en opprivende samlivsdebatt i Frikirken. På søndag sang hun på en regnbuemesse i Kristiansand domkirke. I juni

Foto fra Vecteezy

Krever ledelsen i Hamar frikirke for mye?

Eldsterådsmedlem fikk ikke reservere seg mot å forkynne Frikirkens konservative samlivslære. Det får Frikirkens tidligere nestleder til å etterlyse tilsynssak. Det skriver Vårt Land. Vårt