Foto: Isi Parente fra Unsplash
Foto: Isi Parente fra Unsplash

Kor mange unge skal vi ofre?

Då den USA-amerikanske journalisten Abigail Shrier i 2020 gav ut boka som på svensk fekk tittelen «Irreversibel skada: Transepidemin som drabbar våra döttror», vekte ho oppsikt.

Mange var glade for at nokon skreiv så grundig om farane for uboteleg skade som den radikale kjønnsideologien representerer for barn, særleg tenåringsjenter.

Det er ingen tvil om at temaet Shrier tok opp, er like aktuelt også i Norden. Fleire står no fram og angrar etter at dei har gjennomgått det som, med eit forskjønande omgrep, kallast «kjønnsbekreftende behandling».

I den svenske dokumentaren «Transtoget och tonårsflickorna» vitnar den finske kvinna Sametti. Ho hadde opplevd kjønnsdysfori i oppveksten og i tenåra kjende ho det som om ho var mann fanga i ein kvinnekropp. I 20-årsalderen vart ho diagnostisert som transgender og gjekk gjennom medisinsk behandling med hormon og kirurgi.

Bryst, eggstokkar, livmor og vagina vart fjerna. Ho gjekk på testosteron i fleire år, men stoppa behandlinga då ho forstod at ho var lesbisk og at det ho hadde stridd med var relatert til dette. Men då var det for seint. Ho kunne ikkje «detransisjonere» seg tilbake til kvinne. Organa som var fjerna kan ikkje erstattast og ho vil halde fram med å ha mørk røyst og skjeggvekst på grunn av testosteronbehandlinga. Ho kan sjølvsagt heller ikkje få eigne barn. Ho har også mist eigenproduksjonen av hormon, og for resten av livet må ho leve med alle dei helseutfordringane som «behandlinga» har medført.

Kjønnsforvirring

Den radikale kjønnsideologien hevdar at barn kan vere fødde i feil kropp og ha eit kjønn som ikkje stemmer med den fysisk kroppen.

Dette, vert det hevda, kan ein rette på gjennom å endre kroppen ved medisinsk behandling med hormon og kirurgi. I Noreg er det Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald (FRI) som først og fremst målber denne ideologien.

Fri har, som liknande organisasjonar over heile Vesten, fått gjennomslag i media, i mange organisasjonar og i utdanningssystemet frå barnehagen til universitetet. Til og med dei yngste barna vert fortalt at dei kan vere fødde i feil kropp, at dei kan velje kva dei ynskjer å vere og at kroppen kan endrast av medisinsk inngripen.

At påstandane manglar dekning i etablert vitskap og ikkje kan sameinast med utviklingspsykologien, teier ein med. Slike villeiande påstandar skapar forvirring og redsle hjå barn. Britiske Stephanie Davies-Arai i organisasjonen Transgender Trend, fortel om barn som ikkje tør å sovne av redsle for å vakne opp som det andre kjønnet, til dømes. Det er opplagt at barn med tilleggsutfordringar er særleg sårbare.

Lavterskeltilbod

Inge Gjestvang, leiar i «Fri», opplyste nyleg at det er ei prioritert oppgåve for dei å få til kjønnsbekreftende behandling lett tilgjengeleg.

Dei unge som har vanskar med å finne seg til rette i kroppen sin, skal få rask tilgang til behandling. Det betyr hormonblokkarar for å stanse puberteten, dinest tilgang til kjønnskontrære hormon (testosteron for jenter, østrogen for gutar), og så kirurgiske inngrep.

Høg risiko for feilbehandling

Det Fri og Gjestvang ikkje ser ut til å forstå, er at lett tilgang vil auge risikoen for feilbehandling. Særleg blant tenåringsjenter har det dei siste åra vore ein eksplosjonsarta auke i talet på dei som ynskjer å skifte kjønn.

Ein stor del av desse har andre plager som traumebakgrunn, eteforstyrringar, angst og depresjon. Mange har også ulike grader av autisme. Men i fylgje Gjestvang og Fri skal den unge si eigendefinering av kjønn vere avgjerande for behandlingstiltaka.

Dette er ein uansvarleg innstilling til eit komplekst og alvorleg medisinsk spørsmål. Det er også ei merkeleg haldning samanlikna med all annan medisinsk behandling.

Tenk om det var opp til andre pasientgrupper å bestemme korleis legen skulle behandle dei. Det obligatoriske første steget for nokon med kjønnsdysfori bør vere ei grundig psykiatrisk/psykologisk utgreiing for å minimere risikoen for feilbehandling.

Representantar for den eldste pasientforeininga for personar med kjønndysfori i Noreg, Harry Benjamin ressurssenter, gav i eit intervju med NRK den 2. mai uttrykk for sterk uro over utviklinga i tilbodet til barn og unge med denne lidinga.

Bakgrunnen var informasjon frå Helsedirektoratet om at primærhelsetenesta kan stå for slik «kjønnsbekreftende» behandling. Ressurssenteret var redde for at «helsa til barn og unge med kjønnsinkongruens ofres av voksne med en politisk agenda, blant annet i Helsedirektoratet».

Ein politisk agenda som seier at ein skal kunne avgjere si eiga behandling uavhengig av forsking og faglege vurderingar.

På tide å vakne?

I dag vert barn indoktrinerte i ein radikal kjønnsideologi der det er risiko for at dei endar med same lagnad som Sametti.

Foreldre og ansvarlege vaksne bør vakne og orientere seg om kva barn og unge lærer om kjønn i barnehagar og skular. Som ein del av Pride i år kjem Fri med eit implisitt krav om lettare tilgang til radikale og irreversible kroppslege inngrep på barn og unge. Før ein vurderer å gå i Pride-opptog oppmodar vi alle om å tenkje over kva dei gjev si støtte til.

 

Marit Johanne BrusetSpesialist i klinisk psykologi
Aud FarstadHistorikar og forfattar
Først publisert i Sunnmørsposten
Dele
Facebook
Twitter
Pinterest
LinkedIn
Andre skribenter
Relaterte saker
Foto: Vecteezy

Dei instrumentelle andre

  Kva blir overskridande figurar i religions- og kulturhistoria brukt til? Religionshistoria er eit oppkome av fantastiske figurar: jomfruer som får barn, guddommar som er

Foto: Vecteezy

Selektiv kritikk

  Korfor er skepsis og religionskritikk så ujamt praktisert? Året som går mot slutten, har vist oss kor viktig det er å ha kritisk sans

Foto: Anne Kalvig

Menn er kvinner er havfruer

Tru blir fakta og omvendt, og kvinner taper mot ny religion For drygt eitt år sidan skreiv eg i denne spalta om «kjønn som tru».

Når kjønn blir tru

  Transaktivisme med religionsliknande trekk Eg har ofte tatt til orde for at folk skal få lov til å ha og utøva sine magiske og