Foto: Christin Hume fra Unsplash
Foto: Christin Hume fra Unsplash

Kritisk tenking og inkludering

66 studentar og tilsette ved Universitetet i Stavanger har publisert eit opprop i Aftenbladet for eit «tryggare» og meir «inkluderande» universitet. Universitetsavisa Khrono har også publisert oppropet.
Rektor Klaus Mohn og direktør Karoline Høibo ved UiS svarer i Aftenbladet at dei er glade for oppropet, og at dei har konkrete tiltak som svarer til krava frå oppropsskrivarane.
Oppropet viser til at Mohn har erklært debatten om kjønn som øydelagt av to ekstremistiske grupperingar, der eg representerer den eine. Dette var i eit direkte svar til meg og fyrsteamanuensis Kamilla Aslaksen, i Khrono i mars i år. Oppropsunderskrivarane sjølve framheld at dei høyrer til «den stille majoritet», som Mohn i sitt innlegg også plasserer seg sjølv i. Interessant nok er også professor Elisabeth Lund Engebretsen, som underskrivar av oppropet, nå del av «den stille majoritet». Ho har publisert forsking der eg blir framstilt som høgreekstrem og ein fare for demokratiet og grunnleggande menneskerettar, og min klage på desse usanne skuldingane blei avvist behandling i forskingsetisk utval ved UiS. Engebretsen meldte meg i sommar til politiet, fordi eg klaga og også tok offentleg til motmæle mot denne personforfølginga. Leiinga ved kjønnsforskingssenteret Engebretsen høyrer til, har varsla om meg som årsak til ekstreme belastningar.
Eg har sagt opp stillinga mi som professor grunna slik mobbing og trakassering, i og utanfor UiS. Eg vil ikkje gå i takt og følgja den nye kjønnstrua som seier at mann er kvinne viss han føler eller seier det. Eg har i åra før denne avgjerda, prøvd å få akademisk engasjement for at me må drøfta sakleg kva det tyder for eit samfunn å forlata ei objektiv forståing av verda, til fordel for ei subjektiv og individuell forståing av verda. Det har ikkje lukkast å få til ein brei fagleg debatt om dette, medan fokus på påstått ivaretaking av sekkenemninga «det skeive» synast å vera meir populært, jamfør oppropet.
Oppropsunderskrivarane går frå å sitera lov om likestilling og diskriminering, som handlar om ei lang rekke forhold, til deretter å kun skriva om det «skeive». Dette tyder i nyspråket både retten til å elska nokon av same kjønn, og retten til sjølv å bestemma, inni hovuda eller hjarta våre, at kjønn ikkje finst, anna enn som ein idé eller sjelsessens, og at likekjønnstiltrekking med basis i fysisk kropp, såleis kan vera både transfobisk og hatefullt. Folk flest skjønner at dette er to grunnsyn som strir mot einannan. Mange lesbiske og homofile organiserer seg derfor utanfor den «skeive» rørsla, som dei oppfattar som å motarbeida deira rettar.
I sitt svar til oppropet, skriv Mohn og Høibo at det nå er oppretta ei foreining kalla Skeive studenter Stavanger. Det er jo fint at det er etablert som studentinitiativ, og ikkje som tiltak frå toppen, slik oppropet foreslo. Så gjenstår det å sjå om unge lesbiske opplever at deira syn og behov finn gjenklang i foreininga, innan eit «skeivt» narrativ der lesbiske også kan vera menn med penis, viss dei føler dei er lesbiske. Lovverket er ikkje på dei lesbiske kvinnenes side, slik det heller ikkje er det for kvinner med heteroseksuell legning, eller for nokon som orienterer seg etter objektiv røynd. Lovverket har faktisk tatt vekk biologisk kjønn som realitet, og dermed heile grunnlaget for diskrimineringsvern med basis i kjønn. Dette er i strid med menneskerettane, men same utgliding har skjedd hos FN, så aktivistane har fått gjennomslag på alle rettsområde.
I oppropet er ein særleg opptatte av toalett, og ser ut til å ha misforstått norsk lovgjeving på feltet. Det er ikkje behov for fellesdoar for transidentifiserande personar, det å identifisera seg som det andre kjønnet, gjev rett til bruk av den doen du synst passar for deg, det er slått fast som diskrimineringsvern sidan 2013. Korfor skulle personar som oppfattar eller erklærer seg som det andre kjønnet, villa gå på ein fellesdo? Dei såkalla «ikkje-binære» blir også trekt fram som aktuelle for ein fellesdo, men det er eit ope spørsmål om deira behov då blir ivaretatt, når dei identifiserer seg utanfor kjønnsinndelinga i det heile. Skal dei måtta dela do med folk som identifiserer seg med «to-kjønnsmodellen» og som bruker fellesdoen? Var det ikkje kjensler og identifikasjonar som skulle dela oss inn, likevel? Det kan vera vanskeleg å følgja slike kronglete tankerekker, og det er fordi desse forholder seg til objektiv og subjektiv røynd på same tid. Det går faktisk ikkje, nett som med likekjønnstiltrekking som ikkje både kan politisk arbeidast for innan eit system som vedkjenner kjønn som fysisk storleik, og som opphevar det, og gjer alt til subjektive førestillingar.
Men, det var visst ikkje akademia som kunnskapssektor som skulle drøfta dei underliggande, kunnskapsteoretiske og verdssynbyggande premissa for den nye kjønnstrua. I akademia skal ein gå i takt og vera «grei», det vil seia, ikkje tenka for grundig om konsekvensane av ny ideologi og religion presentert som røynd.
Anne Kalvig
Religionsviter
Dele
Facebook
Twitter
Pinterest
LinkedIn
Andre skribenter
Relaterte saker
Foto: Vecteezy

Dei instrumentelle andre

  Kva blir overskridande figurar i religions- og kulturhistoria brukt til? Religionshistoria er eit oppkome av fantastiske figurar: jomfruer som får barn, guddommar som er

Foto: Vecteezy

Selektiv kritikk

  Korfor er skepsis og religionskritikk så ujamt praktisert? Året som går mot slutten, har vist oss kor viktig det er å ha kritisk sans

Foto: Anne Kalvig

Menn er kvinner er havfruer

Tru blir fakta og omvendt, og kvinner taper mot ny religion For drygt eitt år sidan skreiv eg i denne spalta om «kjønn som tru».

Når kjønn blir tru

  Transaktivisme med religionsliknande trekk Eg har ofte tatt til orde for at folk skal få lov til å ha og utøva sine magiske og