Foto: Shayna Douglas fra Unsplash
Foto: Shayna Douglas fra Unsplash

Magiske Rowling

 

Harry Potters mor mot vold mot kvinner

I år er det tjue år sidan den fyrste filmen om Harry Potter kom ut, basert på J K Rowlings bøker om Harry Potter og barna på trolldomsskulen Galtvort. Sidan er det kome sju fleire filmar, alle store suksessar, til liks med bokserien.

Bøkene, filmane, teaterstykka, temaparkane, dei digitale og analoge spela, nettstadene, fansidene, leiketøysproduksjonen og den kulturelle samtalen om Harry Potter utgjer eit transmedialt univers. I tillegg er dette eit eige forskingsunivers; Harry Potter-relatert forsking finst i mange ulike fag.

Den skotske kvinna som kjempa seg vekk frå ein valdeleg ektemann, blei einsleg forsørgjar og i starten skreiv ned idear og brotstykke til Harry Potter-verda på allslags papir og lappar, blei altså ei av vår tids største forfattarar. J K Rowling sin enorme tilhengjarskare har ikkje minst blitt utgjort av barn og unge som har lært å elska å lesa og leva seg inn i fantastiske, magiske univers og dei riktig store forteljingane om det gode og vonde i tilværet. Den fyrste generasjonen lesarar kan nå sjølve introdusera eigne barn til Harry Potter.

Rowling har også vore kontroversiell: bøkene har skapt religiøs strid, og i nyare tid har Rowlings kritikk av sjølvidentifisering av kjønn, for kvinners rettar og mot vold mot kvinner gjort ho til skyteskive, eventuelt heks. I dag er Den internasjonale dagen mot vold mot kvinner, så då høver det bra å feira ei heks som nektar å la seg brenna.

Kristne miljø har både fordømt bøkene og filmane som noko som fremjar (djevelsk) hekseri og okkultisme (konservative krinsar) , og omfamna dei som soger om eit liv etter døden, det gode som sigrar over det vonde, med Harry Potter som ein frelsarliknande figur som kan minna oss om den sanne frelsaren, Jesus (liberale krinsar).

Rowling sjølv har uttalt at bøkene om Harry Potter er kristent inspirerte, og ho høyrer til Church of Scotland. To innskrifter på gravsteinane til Harry Potter sine foreldre gjev eit slags samandrag av heile serien, fortalde ho til avisa The Telegraph i 2007. Det er frå 1. Korintarbrevet, 15:26, Den siste fienden som blir gjord til inkjes, er døden; og frå Matteusevangeliet 6:21, For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera.

Like fullt, det er magi dei fleste tenker på i samband med Harry Potter. Dette er det berande elementet, og forskarar har diskutert tolkinga av magien: er det ein mekanisk prega, «naturlov»-magi, eller er det ein «fortrylla» magi? Den danske religionsvitaren Laura Feldt framheld at Harry Potter-magien er variert; ein kvardagsleg magi gjennomsyrar tilværet og gjer at dimensjonar og kategoriar blir blanda, og ein særleg mystisk og djup magi er representert ved Harry Potter, Voldemort og Humlesnurr, rektor på Galtvort. Den djupe magien representerer nykkelscener og -hendingar, som når mor til Harry overfører vernande kraft til sonen slik at han overlever Voldemort sitt åtak på familien som baby, medan mora døyr.

Mest av alt er nok Harry Potter-serien ei tiltalande og meiningsmetta blanding av religionane sine store forteljingar, magien sitt levande og pulserande univers, naturmystikk, dødekommunikasjon og tidsreiser, utan nokon eintydig teologi. Det er barn i hovudrollene, og unge lesarar og sjåarar kan følgja dei i deira vekst og utvikling. Det heile skjer nært eller i vår tid, ikkje ein stad langt, langt borte eller i ei mytisk tid. Den magiske verda er ei parallell verd der mytologi og folklore blir nærverande, kanskje innan ei kristen rammeforteljing.

I 2019 tvitra Rowling støtte til Maya Forstater som mista jobben for å hevda at kjønn er biologisk og uskifteleg. Sidan har ho utdjupa syna sine på konflikten mellom kjønnsidentitetsideologi og kvinners rettar. Ho får ein jamn straum av dødstruslar. Ho gjev årleg store summar til hjelpetiltak og førebyggande arbeid, mellom anna mot vold. At ho står opp for kvinners rettar, gjer ho ikkje til eit «rasshøl», slik kulturskribent Bjørn Hatterud lirte av seg på NRK P2 førre fredag.

Barn og unge bør fortsetta å lesa Harry Potter og fryda seg over filmane, og vita at det magiske universet er skapt av ei klok, empatisk og modig kvinne som er alt anna enn hatefull. Kanskje lesinga og kjennskapen til forfattaren og stormen ho står i, får dei til å villa ta del i kampen mot vold mot kvinner. Det vil vera i Harry Potter-barnas ånd.

 

Anne Kalvig

Først på trykk i Klassekampen 25. november 2021

 

 

Dele
Facebook
Twitter
Pinterest
LinkedIn
Andre skribenter
Relaterte saker
Foto: Vecteezy

Dei instrumentelle andre

  Kva blir overskridande figurar i religions- og kulturhistoria brukt til? Religionshistoria er eit oppkome av fantastiske figurar: jomfruer som får barn, guddommar som er

Foto: Vecteezy

Selektiv kritikk

  Korfor er skepsis og religionskritikk så ujamt praktisert? Året som går mot slutten, har vist oss kor viktig det er å ha kritisk sans

Foto: Anne Kalvig

Menn er kvinner er havfruer

Tru blir fakta og omvendt, og kvinner taper mot ny religion For drygt eitt år sidan skreiv eg i denne spalta om «kjønn som tru».

Når kjønn blir tru

  Transaktivisme med religionsliknande trekk Eg har ofte tatt til orde for at folk skal få lov til å ha og utøva sine magiske og