Foto: Priscilla du Preez fra Unsplash
Foto: Priscilla du Preez fra Unsplash

Nærlesing av skeiv preike. Kva blir formidla bak slagorda?

Samfunnet har dei siste åra stadig fått kjenna meir av identitetspolitikkens skrustikke. Når denne også har fått ei tydeleg teologisk forgreining er det dårleg nytt for kyrkja. Ein kan snakka om tendenser og kva linjer ein ser i det teologiske terrenget.

Men kva blir eigentleg formidla i ei «skeiv preike»?

Skeive sørlandsdagar

Den norske kyrkja var med på arrangementet Skeive Sørlandsdager i august. Påtroppande domprost i Kristiansand, også kjent som Sørlandets mest populære prest, Nils Terje Andersen, heldt preike.

Preika gir eit representativt innblikk nettopp i teologi som lener seg tungt på skeiv ideologi. Ho illustrerer sentrale aspekt ved denne teologien. Ved nærare ettersyn viser dei seg ikkje berre å vera eit virvar, slik eg har omtalt det før.

Ho gir i tillegg ein tankevekkjande bakteppe for hjartesukket eg har høyrt frå fleire prestar i det siste.

«Kor går grensa for kva som faktisk er ei anna tru, eit anna evangelium?»

Eg var ikkje på gudstenesta då Andersen heldt denne preika, men ho er delt på Skeivt kristent nettverk si heimeside, og er nyttig som case for den som vil skjøna meir av korleis denne teologien ser ut, bak overskrifter og slagord.

Skråblikk på syndsomgrepet

«Kjære fine, mangfoldige menighet» lyder opningsorda. Det er eit hovudpoeng å bekrefta dei frammøtte og lufta det lada uttrykket «mangfoldig» heilt frå starten av.

Deretter følgjer eit skråblikk på uttrykket «synd» og korleis det har blitt brukt dei siste 20 åra. Skråblikket vert hengande i lufta. Noko svar på om synd i det heile er eit relevant omgrep kjem ikkje.

Det vi i staden får, er ein kjølig referanse til «disse små reglene om hvem som kunne leve ut sin kjærlighet og ikke». Inntrykket er at kyrkja si rettleiing om gode grenser på eit viktig felt som seksualiteten, er smålege og utdaterte.

Slik «uutholdelig letthet», for å låna frå ein treffande boktittel, dukkar opp fleire stader. Når ein underordnar teologien og sender han ut på ærend for eit identitetspolitisk føremål, må det kanskje også bli slik.

«Paulus ville elsket å være her»

Då blir det også viktig å vinna Paulus for dette føremålet. På eit tidspunkt munnar preika også ut i følgjande konklusjon: «Han er den mest progressive apostelen!» Som dessutan «ville ha elsket å være her i dag».

Sjølv ei så reduksjonistisk utsegn om Paulus blir ein triumf om saka berre er viktig nok.

Eg kan ikkje hjelpa for at ekkoet frå eit bitande Bob Dylan-refreng dukar opp. «With God on our side». I alle fall blir Paulus ein nær alliert av Pride i løpet av denne preika.

Den såkalla mangfaldige teologien er mest oppsiktsvekkjande i at han er smal. Tidlegare klaga vi over «Kanaans språk». Men det var i det minste eit språk eg kunne avkoda ved hjelp av meir Bibellesing. Her vil meir bibelstudium truleg berre auka forvirringa.

For dette er ein teologi som krev forkunnskapar av heilt spesifikt slag. Ei grunnleggjande forståing av identitetspolitisk kamp trengst i alle fall. Elles blir det for vanskeleg å skjøna kvifor predikanten held fram vedtaket om likekjønna vigsel her i Noreg som ei forlenging av Apostelmøtet i år 48.

Smal plattform

Frå denne smale teologiske plattforma, feller Andersen det eg vil kalla ein knusande dom over kyrkja si allminnelege Paulus- forståing. Høyr berre:

«Så sitter vi her i år 2024 og leser Paulus som om vi var revisorer, og som om han hadde skrevet evangeliet inn i regneark. Av stein.»

Eg ser at det vert brukt eit «vi» her. Men kven er «revisorane» i Andersens framstilling? Neppe han sjølv, som no kan skilta med ny innsikt i Paulus «progressive» innstilling. Kven er det som raslar med regneark av stein? Her går talaren sjølv og hans skeive allierte fri i alle fall.

Paulus omstillingsdyktige haldning gjer at det er unødvendig å sjå nærare på kva han skriv. Først når Paulus er «blitt ny», gir det meining å låna apostelautoriteten hans for å legitimera det som blir formidla i ein skeiv kontekst.

«Uutholdelig letthet»

Og om ein er såpass reduksjonistisk når det gjeld Paulus, er det neppe overraskande at også Jesus- sitat vert handsama med tilsvarande «uutholdelige letthet».

«Dette er mitt bud», sa Jesus. Ett bud. Hvor komplisert kan det være? «Som jeg har elsket dere, skal dere elske hverandre», forklarer Andersen, som om dette ikkje er ei heilt formidabel utfordring i ein kvar kontekst og same kva gruppe ein prest står overfor.

Med ei slik forenkling lever ikkje Andersen opp til si eiga fint formulerte «programerklæring» for kva folk skal få når dei kjem til kyrkja. I eit intervju i sommar sa han det slik:

«Det folk etterspør når de kommer til en kirke, er kontakt med noe dypt og ekte. Det skal prestene være med på å formidle.»

Men dersom det å elska slik som Jesus elska oss, går inn i eit skjema for menneskeleg kjærleik og begjær, og der det dyraste, det som kostar alt, blir til eit enkelt spørsmål om «å åpne opp og åpne opp», slik denne preika framstiller det?

Eit falskt smil

Menneskesentrert teologi er skummel som eit falskt smil i selskapslivet. Du blir kanskje sett. Men det er ikkje noko sant venskap i vente. Og det ventar heller ingen invitasjon på sikt.

Mange vil kjenna til at inngangspartiet i ei tradisjonell kyrkje er kalla våpenhus. Her sette ein før i tida frå seg våpena ein bar tett på kroppen for å forsvara seg. Kyrkja var eit hus for fred.

Identitetsteologien ber derimot dei verbale våpena sine heilt fram på altar og preikestol. Ein skreddarsyr messer for å feira og stadfesta identitetar som ikkje er forankra i Bibelen.

Bak i køen

Kyrkja sin universelle bodskap om synd, frelse og triumf over dødskreftene, ser ut til å hamna stadig lenger bak i køen av gode føremål. Ivaretaking av ulike grupper, føremål og flaggsaker, gjer at det vesentlege hamnar på vikande front.

Tradisjonell teologi har som kjennemerke at han skaper friksjon i folk. Slik har det alltid vore. Når eit menneske blir merksam på at ho kjem til kort overfor Gud, er det meininga at det skal oppstå eit eksistensielt ubehag, kall det gjerne ei rådløyse.

Det er nettopp den staden Gud får røra og heila oss. Innsikta som apostelen Peter røper i ein eksistensiell augneblink: «Gå frå meg Herre, for eg er ein syndig mann», er framleis vår redningsplanke.

Med innføringa av ein konkurrerande identitetsteologi, ein som feirar og bekreftar menneske, blir noko annleis.

Han sviktar oppdraget kyrkja har med å hjelpa folk til å stå hjelpelaus i seg sjølv, for slik å bli heilt avhengig av Gud.

 

Sofie Braut

Først publisert i Dagen

Dele
Facebook
Twitter
Pinterest
LinkedIn
Andre skribenter
Relaterte saker

Skjerm barna fra skolens feiring av pride

Oppvekstdirektør i Kristiansand kommune, Kristin Eidet Robstad, opplyser meg om at det er delegert til skolene og barnehagene hvordan de kommuniserer med foreldre rundt markering