Ole Edvard Wold-Reitan blir ny kirkerådsdirektør

Kyrkjerådet har tilsett Ole Edvard Wold-Reitan (58) som ny direktør. Han blir dermed den øvste, administrative leiaren i Den norske kyrkja, og får personalansvar for dei om lag hundre personane i sekretariatet til Kyrkjerådet.

Wold-Reitan kjem frå stillinga som stiftsdirektør i Oslo bispedøme, og har bakgrunn frå kultursektoren og Det kongelege hoff. Han har utdanning innan jus og leiing.

Wold-Reitan har tidlegare mellom anna jobba ti år i Kirkelig Kulturverksted og ti år ved Det kongelege hoff.

Fleire medie har skrive at Wold-Reitan har vore ein nær venn av kronprinsparet og prinsesse Märtha Louise.

Det fekk massiv mediemerksemd då kronprinsesse Mette-Marit i 2012 reiste til India for å ta seg av dei nyfødte tvillingane hans som var født ved surrogati. Dette fordi Wold-Reitan og ektemannen fekk visumproblem.

– For meg handla dette om to nyfødte barn som låg aleine på eit sykehus i Dehli. Eg var den som kunne reise. For meg var det viktig å bidra med det eg kunne gjera, sa kronprinsessa på nettsida til hoffet.

Vårt Land

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter

Foto: James A Molnar fra Unsplash

Fri’s nye politisk plattform

Organisasjonen Fri vedtok nylig sin nye politiske plattform. Den er svært omfattende, men bør leses ettersom Fri har stor innflytelse på den politiske utviklingen knyttet