– Pride var jo i utgangspunktet eit opprør mot politifolk som gjekk inn i Stonewall og trakasserte skeive. Det var sånn det starta.
Det seier leiar Karoline Skarstein i foreininga FRI Rogaland. 20. april vedtok styret i organisasjonen lokalt samrøystes å markera misnøye med politiet.
Difor er politiet uønskde i årets Prideparade.
Karoline Skarstein seier vidare til Stavanger Aftenblad:
Paraden er til for å vera inkluderande, men slik tilliten til dei er nå blir det litt rart å ha dei der med uniforma på.
Ei av hovudårsakene til at styret har gått god for eit slikt vedtak er fordi dei saknar at politiet tek skeive problemstillingar på alvor.