Korfor er skepsis og religionskritikk så ujamt praktisert?
Året som går mot slutten, har vist oss kor viktig det er å ha kritisk sans i møte med konspirasjonstenking og irrasjonelle påstandar presenterte som sanne og vitskaplege.
2021 starta i denne leia med storminga av kongressbygninga i USA, der Jake Angeli, «QAnon-sjamanen», var i front. Han meinte han var sendt av den mystiske Q. I følgje denne internettbaserte konspirasjonsrørsla er Q ein sentralt plassert person i det politiske systemet, ein som arbeider for omvelting av både det amerikanske og globale samfunnet. Eliten i samfunnet er nemleg satanistiske barneskjendarar. I følgje meiningsmålingar i fjor, trudde 17 % av folk i USA på denne konspirasjonsteorien.
Året har også framvist mange religiøse og andre fortalarar for at pandemien er resultat av ein konspirasjon, eventuelt at Gud vil beskytta dei troande. Vaksineskepsis og alternative religionsmiljø overlappar delvis, og gjorde det også før denne pandemien. Flatjordisme, at jorda er flat som ei pannekake og at kuleforma jord er ein global konspirasjon, hadde tilsynelatande meir vind i segla før pandemien. Nå har Covid 19 i større grad fungert som samlande symbol.
Som religionsvitar har eg forsvart religiøse folks rett til å tru på kva dei vil, og til å ytra seg om det. Eg har vore kritisk til vaksinemotstand, flatjordisme og andre skadelege oppfatningar basert på at verda er full av vonde samansverjingar, og idear om at folk sjølve påfører seg sjukdom. Eg har kjempa mot omskjering av både jenter og gutar. Men folk sin rett til å oppfatta at dei inngår i åndelege samanhengar, er grunnleggande å verna om for eit samfunn med tanke- og trusfridom. Så må ein imøtegå konsekvensane av spirituelle overtydingar, der det er naudsynt.
Eg har ofte blitt motsagt, latterleggjort og hengt ut for å ha forsvart at den type åndelegheit som særleg kvinner praktiserer og er tiltrekte av, er like legitim og like lite rasjonell som meir hevdvunne og institusjonaliserte religionsformer. Her har særleg menn som høyrer til skeptikarmiljø og Human-Etisk Forbund stått i front. Dei har hovudrystande påstått at eg er sjarlatan-apologet og dei har fabrikkert løgnartiklar om kva eg står for. Ein skal vakta seg vel for å ta kvinners livsverd på like stort alvor som menns, er bodskapen. Dette har dei ikkje minst vist i den ti-årige kampanjen Ingen liker å bli lurt (ILÅBL), retta mot heile alternativfeltet.
Skeptikarane har halde opp ei rasjonalistisk fane og toga fram for å avsløra uvitskapleg tenking og udokumenterte påstandar. Når dette skjer på religionens område, er det fåfengt, fordi dette nettopp er religionens eksistensvilkår. At store og gamle religionar har gått fri frå ILÅBL, medan nye og kvinnedominerte har vore skyteskive, har vist at dette også er ein selektiv, malplassert kritikk. Men eg har sans for at skeptikarane på andre område slåst mot vankunne og vrangførestillingar.
Paradoksalt nok har knapt nokon av dei norske rasjonalitetsfaneberarane gått ut mot den nye statsreligionen, kjønnsidentitetsideologi. Dei sit enten musestille i båten, eller støttar ideologien. Materiell røynd, naturvitskapleg kunnskap og fakta blir erstatta med 100 % subjektive trusførestillingar framstilte som nye fakta som får forrang i alle samanhengar. Dette er konseptet i Lov om endring av juridisk kjønn. Kjønnsidentitet har særleg vern i hatparagrafen, i motsetning til kjønn (eit misforhold særleg LDO-Hanne Bjurstrøm ivra for).
Dette er jo mystisk. Eller? Kan det vera den same skeptikaruviljen mot det kvinner fortel er viktig, som gjer seg gjeldande? Korfor er elles menns kjensler og fantasiar om kven dei er, viktigare enn at kvinner eksisterer som ein kjønnsklasse med kjønnsbaserte rettar? Sistnemnte er logisk sett fakta, medan menn som kvinner er trusførestillingar, der faktasjekkarar, skeptikarar og human-etikarar snur seg vekk eller applaudere.
Vel, Richard Dawkins har skjønt det og har valt side. Men Norge er jo så sekulært og rasjonelt at me har verdas mest radikale lovgjeving på kjønnsfeltet. Eller var det av ein annan grunn? Som at ingen spurte kvinnene? Dette vil kvinner fortsetta å ytra oss om i det nye året – med høge og klare røyster. Som fagpersonar, mødrer, lesbiske, idrettsutøvarar – ja, som kvinner, som takkar nei til ny statsreligion.
Anne Kalvig
Først publisert i Klassekampen 30. desember 2021