I et innlegg på Verdidebatt kritiserer Senterpartiets Kjersti Toppe prosessen som pågår med tanke på endringer i bioteknologiloven. Hun skriver at måten det skjer på ikke følger demokratiske tradisjoner:
Frp har kommen ut av «regjeringsfengselet» og vil straks liberalisere bioteknologilova. Helsepolitisk talsperson Åshild Bruun-Gundersen har signalisert at dei ikkje vil vente. Lovendringa må skje no i vår. Arbeidarpartiet er straks med på leiken. Dei jaktar på fleirtal for ei langt meir liberal bioteknologilov enn det Frp – og SV- hadde tenkt seg i utgangspunktet. Arbeidarpartiet har meldt at dei får lovteknisk bistand slik at konkrete lovendringar kan bli vedteken i Stortinget allereie i april.
Hun mener partene ikke er enige med hverandre, og at prosessen fram til en enighet i svært viktige spørsmål blir unntatt offentlighet:
Om dette blir tilfelle, vil ny bioteknologilov bli utforma på interne møterom på Stortinget, i forhandlingar mellom parti som stort sett har berre denne saka til felles. Demokratisk, vil noko seie, for desse partia representerer eit fleirtal på Stortinget. Men er det demokratisk at slike lovendringar skjer utan ordinær høyring? Utan at fagprofesjonar eller andre får uttale seg eller at lovforslaga kan diskuterast i offentlegheita? Sjølvsagt ikkje.
Bioteknologikameratane er dessutan ikkje einige med seg sjølv. Kva vil dei føreslå? SV meiner at eggdonasjon berre må skje ved å nytte overtallsegg (egg som er til overs etter assistert befruktning). Frp har ingen slike restriksjonar, men har meint at eggdonasjon må vere eit tilbod til par. Ap har ikkje nokon av desse restriksjonane, og vil også tillate donasjon av ferdig befrukta egg, embryodonasjon. Då vil ikkje barnet ha nokon biologisk tilknyting til sin(e) forelder.
Så kva vil partia eigentleg lovfeste i april? Kva vil dei «forhandle» seg fram til i korridorane på Stortinget og utan offentleg høyring?
Kjersti Toppe er svært kritisk til forslaget om å gi assistert befruktning til enslige. Det foreligger nemlig ingen diskusjon om kriteriene, ingen aldersgrenser:
Forslaget om assistert befruktning til einslege er eigentleg det mest kontroversielle. Då har fleirtalet bevega seg vekk frå hovudlinja om at assistert befruktning handlar om å behandle infertilitet, ufrivillig barnløyse. For det å vere einsleg er ingen sjukdom. Skal dette no prioriterast som eit viktig helsetilbod i konkurranse med andre helsebehov? Eller skal kvinnene som har råd måtte betale alt sjølv? Ingen av partia har uttalt seg om dette. Heller ikkje om andre rammer som bør diskuterast . Skal det vere aldersgrenser? Er det greitt at 18 år gamle jenter kan krevje assistert befruktning? Skal det vere øvre aldersgrense? 36 år? 45 år?
Hun mener SV er jokeren, og kritiserer Arbeiderpartiet for å snekre sammen en ny bioteknologilov uten ordinære offentlige høringsrunder:
Arbeidarpartiet har kritisert at KrF har kunne sette stoppar for liberalisering av bioteknologifeltet i regjering. Men at Arbeidarpartiet vil snekre saman ei bioteknologilov i Stortinget utan ordinære høyringsrunda i offentlegheita, er liksom heilt greitt. Så medan Frp varslar interne seminar om innretningane og Ap utfordrar både med mitokondriedonasjon og NIPT-test til alle for å få politisk utteljing – koste kva det koste vil – så blir det fort SV som kan dra dette litt ned på jorda.
Bioteknologilova kjem til å bli liberalisert. Men det bør kunne skje på ein ordentleg måte. Saksfeltet er såpass krevjande, at det faktisk er nødvendig.