Organisasjonen Sex og Samfunn mener vi må snakke med barn om sex helt ned i barnehagealder, men deres skuespill om sex ble allikevel for drøyt for 12 år gamle skoleelever, det mente en skole i Oslo. Det skriver NRK.
Oh Baby Baby goes viral» er en forestilling for 7.-klassinger som handler som pubertet, seksualitet, kropp, identitet og sex.
Nå har forestillingen vunnet den nasjonale prisen «Gullsekken», i Den kulturelle skolesekken. NRK skriver videre:
Men første gong ho skulle verte spelt avlyste skulen.
Dei meinte det ville vere for mykje sexfokus for sjuandeklassingane.
– For mykje for barn
Skodespelarane Nikoline Spjelkavik og Victoria Røising og har sett opp skodespelet som pratar om sex for sjuandeklassingar.
Skodespelet har vore på turné på skular rundt om i Noreg gjennom Den Kulturelle Skolesekken denne våren.
Men det har ikkje vore berre enkelt å sette opp ei framsyning om sex for barn.
– Mange vaksne trur ikkje på, eller vil ikkje tru på, at dette er ting som opptar 12-13-åringane, seier skodespelar Nikoline Spjelkavik, frå Andøya.
– Fleire har vore bekymra for at framsyninga skal bli for brutal for elevane.
Allereie på første framsyning møtte dei på problem.
Den første gjengen med sjuandeklassingar dei skulle spele for fekk ikkje sjå skodespelet.
Leiinga på skulen grunngav det med at de syntest problematikken var vanskeleg å ta opp.
– Vi kunne vurdert det for eit seinare tidspunkt til ungdomstrinnet. Vårt sjuande trinn er nok ikkje heilt der, skreiv kulturkontakten ved skulen til skodespelarane.
NRK har våre i kontakt med den aktuelle skulen. Dei vil ikkje kommentere saka ytterlegare.
Då heldt skodespelarane på å skrinlegge heile skodespelet.
Men dei hald fram fordi dei ville gi betre seksualundervisning til barn.
– Vi meiner at seksualundervisninga i skulen er for dårleg og kjem for seint. Framsyninga er vårt bidrag til å sette dette på dagsorden, fortel Victoria Røisin.ex og Samfunn, senter for seksuell og reproduktiv helse i Noreg, steller seg bak skodespelarane.
– Vi meiner at alderstilpassa informasjon om seksualitet bør bli gitt allereie frå barnehagen av, seier sjukepleiar Marit Myreng frå Sex og Samfunn.
Ho meiner undervisning om tema er eit av dei viktigaste tiltaka for å bidra til tidleg førebygging av mellom anna psykisk- og fysisk vanhelse og dårleg forhold til eigen kropp og identitet.
Ho trur Skodespel er eit godt alternativ til klasseromsundervisning, og ein fin måte for barn å lære om det.
NRK har ikkje fått opplyst at fleire skular avviste framsyninga, men skodespelarane fortel at fleire var kritiske før dei såg framsyninga.
Håper å sette seksualundervisning på agendaen
Skodespelet fekk prisen for «best tilpassa produksjon» frå Gullsekken.
Grunngjevinga var mellom anna at dei snakka rett til elevane på deira premiss.
– Vi har i alle fall fått bekrefta vår eigen hypotese om at sjuandeklassingar veit veldig mykje om sex og seksualitet, men informasjonen ikkje er så godt sortert og prosessert, seier
Spjelkavik fortel at elevane spør og alt frå mensen til sjølve akta.
Er det når folk har trekant at det blir tvillinger?
SPØRSMÅL FRÅ ELEV UNDER FORESTILLINGA «OH BABY BABY GOES VIRAL»
Skodespelaren håper no framsyninga vil vere med å sette seksualundervisning på agendaen.
– På mange måtar smakar prisen betre fordi framsyninga har mottatt mykje kritikk frå vaksne som meinte at tematikken var feil for målgruppa. Både elevar og vaksne som såg skodespelet var utelukkande positive til openheita.
https://www.nrk.no/nordland/sexskodespel-for-sjuandeklassingar_-oh-baby-baby-goes-viral_-vann-gullprisen_-fekk-ikkje-spele-1.15697550?fbclid=IwAR0jP0J1GIXmpPDK5yGv6Vw_HC1bsRaIqserZDtK_R7FrDGaTgM6c48tOx4