Skriver

Stadig fleire endrar praksis

No hender det saker på “løpende bånd” internasjonalt i høve behandling av barn og unge med kjønnsinkongruens.
Sverige, Frankrike og UK bråbremser medisinsk behandling med hormonar og kirurgi. I Sverige kan no slik behandling berre gjerast i heilt eksepsjonelle tilfeller; utanom i forskning.
No skal første steg i behandlinga vere psykisk/psykiatrisk utredning, psykososial støtte og eksplorerande terapi.Talet på behandlingsklinikker vert halvert.
Den nye svenske retningslinja inneber ein radikal omlegging av tidlegare praksis. Ein forlet eksplisitt retningslinjene fra WPATH (World Professional Association for Transgender Health) som ligg til grunn for den nye norske retningslinja frå 2020. Sverige stiller no også krav om foreldreinvolvering og langvarig observasjon.
Socialstyrelsen argumenterar for ein ny praksis utfrå pasientsikkerheit. Dei gir tre grunnar for å endre praksis;
-manglande kunnskap om langsiktige konsekvensar
-ny kunnskap om at anger og detransisjon er vanlegare enn tidlegare antatt
-usikkerheit om kvifor talet på henvisinger har auka så sterkt dei seinare åra.
I WPATH- retningslinja ,og i den norske retningslinja, er bekrefting av opplevd kjønn det sentrale målet. I den nye svenske retn.linja er målet å legge til rette for forutsettingsløst utforsking av identitet i brei forstand.
Dette reflekterar eit grunnleggande annleis syn på kva kjønnsidentitet er samanlikna med synet som ligg til grunn for WPATH retningslinja (og den norske).
Den svenske framhever at kjønnsidentitet er ein del av eit større heile hos mennesket, at den kan endre seg over tid, og at den kan påverkast av samfunn og omgivelser.
I kveld sender “Folkeopplysningen” eit program om kjønnsinkongruens.
Eg for min del vonar at dei med dette klarer å bidra til sann folkeopplysing og legge grunnlaget for ein opplyst og sakleg debatt om dette viktige teamet.
Vi treng i særleg grad å få debattert den nye norske retningslinja som har blitt kraftig kritisert av fagfolk i FHI (Folkehelseinstituttet).
Deira tilråding av praksis, er i tråd med denne nye svenske praksisen.
Kanskje vil norske helsemyndigheiter vere interessert i å forstå bakgrunnen for den oppsiktsvekkande endringa som no skjer i vårt naboland?
Det er lov å håpe.
Den norske retningslinja står i skarp kontrast til den svenske. I prosessen med den norske , fekk transaktivistane, med Ester Espen Pirelli Benestad i spissen ,dominere både i utarbeidinga av rapporten “Rett til Rett Kjønn”, og i utforminga av sjølve retningslinja som bygg på denne rapporten.I utarbeidinga av den svenske var brukarorganisasjonane konsultert undervegs og dei ga høyringsutt Den svenske retningslinja er den første i verda som lever opp til gjeldande standard for faglige retningslinjer når det gjeld behandling av barn og unge med kjønnsinkongruens. Den bygg på ein systematisk kunnskapsoppsummering med gradering av kunnskapskjeldene. Den gir også konkret veiledning for alle trinn i prosessen; utredning, diagnostikk, behandling, informasjon, samtykke og oppfølging. ei gruppe på 32 fagpersonar har bidratt og mange av desse arbeider med kjønnsinkongruens i spesialisthelsetenesta. Alle relevante fagområder er dekka. Den svenske retningslinja er viktig og nyttig fordi den utgjer ein ein sterk kontrast til den norske. Og den viser kordan vår norske retningslinje burde sjå ut.
https://www.dagensmedicin.se/specialistomraden/barnsjukvard/socialstyrelsen-vill-strama-at-hormonbehandling-av-unga/?fbclid=IwAR3-igRRP0IbzF1yrRVEFd0rbifc7l74GX1iSroy9xFgcSu9hiQfPgBDe5A
Marit Johanne Bruset
Dele
Facebook
Twitter
Pinterest
LinkedIn
Andre skribenter
Relaterte saker
Foto: Vecteezy

Dei instrumentelle andre

  Kva blir overskridande figurar i religions- og kulturhistoria brukt til? Religionshistoria er eit oppkome av fantastiske figurar: jomfruer som får barn, guddommar som er

Foto: Vecteezy

Selektiv kritikk

  Korfor er skepsis og religionskritikk så ujamt praktisert? Året som går mot slutten, har vist oss kor viktig det er å ha kritisk sans

Foto: Anne Kalvig

Menn er kvinner er havfruer

Tru blir fakta og omvendt, og kvinner taper mot ny religion For drygt eitt år sidan skreiv eg i denne spalta om «kjønn som tru».

Når kjønn blir tru

  Transaktivisme med religionsliknande trekk Eg har ofte tatt til orde for at folk skal få lov til å ha og utøva sine magiske og