Striden i Klepp er avgjort

Fem bedehusforeiningar i Klepp kommune mista kulturstøtta etter at kommunen i 2021 vedtok nye retningslinjer for tilskot:

«Organisasjonen må rekna alle medlemmar/deltakarar som likeverdige når det gjeld å kunne veljast til styre, tillitsverv og posisjonar, uavhengig av samlivsform, seksuell orientering, kjønn eller etnisitet»,

Men kommunen har ikkje handsama saka til bedehusorganisasjonen godt nok, meiner Statsforvaltaren i Rogaland, som slo fast at vedtaka til klagenemnda i kommunen var ugyldig. Kommunedirektøren er samd.

Dei folkevalde derimot, er delte.

Dette har skjedd

13. desember 2021 vedtok Klepp kommunestyre nye retningslinjer for utdeling av kulturstøtte. Seks kommunestyremedlemer kravde lovlegkontroll av dei.

12. juli 2022 konkluderte Statsforvaltaren med at retningslinjene var lovlege, men understreka at dei måtte praktiserast i tråd med menneskerettslege forpliktingar.

I 2022 fekk fem foreiningar avslag på søknad om driftstilskot: Ungdomsgruppa i Bore bedehus, Klepp kristelege ungdomsforeining, Orre yngres, Bedehuset Betania og Fokus hverdagsmenighet.

Dei som klaga fekk ikkje medhald frå hovudutvalet for samfunn og kultur opprettheldt avslaga. Klagenemnda, som er formannskapet, stadfesta dette.

Våren 2023 fremja seks kommunestyremedlemer krav om lovlegkontroll av klagenemndas vedtak. Saka blei send vidare til Stasforvaltaren som i januar 2025 konkluderte med følgjande: Klagenemndas vedtak var ugyldige grunna manglande sakshandsaming og manglar i faktagrunnlaget. Vedtaka blei oppheva, og sakene blei sende tilbake til kommunen for ny handsaming.

Avisen Dagen skriver:

Hovedutvalg for kultur og utvikling gjekk inn for å halde på retningslinjene, trass i kommunedirektøren si tilråding.

Måndag var det kommunestyret sin tur til å sei sitt.

Fleirtalet stemte for å fjerne det omstridde punktet. 18 stemte for og 13 imot.

Endeleg punktum er dermed sett i saka.

For dei fem bedehusforeiningane betyr det at dei kan få støtte på lik linje med andre organisasjonar.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter