Ungdomsarbeid i Klepp får ikke offentlig støtte

Foto: Afif Ramdhasuma fra Unsplash
Foto: Afif Ramdhasuma fra Unsplash

I desember i 2021 vedtok kommunestyret i Klepp nye kriterium for tildeling av kulturstøtte frå kommunen. Dei nye reglane krev at alle medlemmane til søkjarorganisasjonen må kunne veljast til «styre, tillitsverv og posisjonar, uavhengig av samlivsform, seksuell orientering, kjønn eller etnisitet».

Dette hindrar i realiteten aktørar med tradisjonelt samlivssyn i å søkje om støtte.

Saka har rulla og gått, og i etterkant av vedtaket bad seks kommunestyrerepresentantar kommunen om å kontrollere om vedtaket var lovleg. Her bad dei kommunestyret i Klepp om å endre vedtaket.

Forslaget om omgjering fall, og saka gjekk vidare til Statsforvaltaren i Rogaland, då dei seks kommunepolitikarane meinte at vedtaket strir med menneskerettane og likestilling- og diskrimineringslova, som seier at diskriminering på religiøst grunnlag er forbode.

Statsforvaltaren konkluderte med at tildelingspraksisen til Klepp kommune er fullt lovleg.

Siste utvikling var at fem kristne organisasjonar i fjor klaga på at dei ikkje lenger fekk kulturstøtte frå kommunen.

Ifylgje Jærbladet er det snakk om Ungdomsgruppa i Bore bedehus, Klepp kristelige ungdomsforening, Orre yngres, Bedehuset Betania og Fokus hverdagsmenighet.

No har klagemenda i Klepp kommune talt. Ingen av dei fem organisasjonane får medhald med klagene sine, ifylgje Dagen.

– Krevjande å få eit nei på noko dei for kort tid sidan fekk ja på

Dei skriv at vedtaket om at dei ikkje oppfyller kriteria for tilskot blir ståande og at seks representantar stemde for dette, tre imot.

Ordførar, Sigmund Rolfsen (Ap) var ein av dei som stemte for å avslå klaga, og skal ha gitt uttrykk for at han kjende seg ferdig med saka:

– Eg synest me har hatt veldig mykje dokumentasjon og opplysningar for å fatta dei vedtaka me har gjort. Saka har gått over veldig lang tid, sa han i debatten ifylgje Dagen.

KrF-representant Siri Bloch Lindtveit stemte mot å avslå klaga:

– Det er inga god grunngjeving på avslaget. Det er opplevinga hjå organisasjonane som synest det er krevjande å få eit nei på noko dei for kort tid sidan fekk ja på. Tidlegare heia me fram desse folka, sjølv om me ikkje var einige i alt.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter

Abortion Stock photos by Vecteezy

Ny abortlov uten ordet kvinne

I dagens abortlov dukkar ordet «kvinne» opp 34 gonger. I forslaget til ny abortlov er ordet erstatta med «gravide». Det kjem fram i regjeringas forslag til